Sprengkulda gav ny rekord i straumforbruk i dag tidleg
Det vart sett ny rekord i straumforbruk mellom klokka 8 og 9 i dag tidleg, opplyser Statnett. I ettermiddag kan det bli ny rekord.
Det vart brukt 25.309 megawattimar (MWh). Den fÞrre rekorden frÄ 12. februar 2021 er dermed slÄtt med 79 megawattimar.
â Det kalde vĂȘret over store delar av Noreg medfĂžrer at me no bruker meir straum pĂ„ oppvarming, og det er nok hovudforklaringa pĂ„ den nye rekorden, seier Peer Olav Ăstli, konserndirektĂžr for systemdrift og marknad i Statnett.
I ettermiddag kan det setjast ny rekord mellom klokka 16 og 17, ifylgje prognosane for straumforbruket.
â Straumnettet er dimensjonert for at me skal tola slike forbrukstoppar. Me ser at forbruket framover vil auka, derfor er det viktig at me utnyttar det nettet me har, parallelt med at me byggjer nytt nett, seier Ăstli.
DÄ rekorden vart sett onsdag morgon, var straumproduksjonen samtidig pÄ 26.978 MWh. Rekorden for straumproduksjon vart sett 7. desember 2021 og var pÄ 28.293 MWh
Dette kostar straumen i dag
đ° Same Event Coverage (1 articles)
These articles appear to cover the same news event, detected by different methods: