Herold

Bil blei påkøyrd bakfrå

Kilde: Firdaposten Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2026-01-07 12:07:35
Bil blei påkøyrd bakfrå

Like før klokka 13 onsdag vart politiet varsla om ei påkøyrsel bakfrå på strekninga langs Økslandsvatnet på E39, Vadheimsvegen. To bilar var involverte i ulykka.

Ifølge politiet var berre førarane i bilane. Begge var vakne og ute av køyretøya, og det er ikkje meldt om personskadar. Bilane stod i vegbana, og annan trafikk passerte sakte forbi.

Brannvesen og politi var på veg til staden. Ambulanse avventa, men er no også på veg til ulykkesstaden.

Operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral, Frode Kolltveit fortel at airbag skal vere utløyst.

– Vi har fått opplyst at den eine bilen skal ha stått i ro då den andre kom køyrande, seier han.

OPPDATERT: Klokka 13.13 meldast det at brannmannskap er på plass. Det er totalt tre bilar involvert i ulykka. Ein av dei involverte personane fortel om ryggsmerter, medan ein annan person har vondt i magen.

– Det er ein bil som har blitt påkøyrd, som nemnd, noko som førte t il at den påkøyrde bilen blei skubba inn i bil nummer tre, oppdaterer Frode Kolltveit hos politiet.

– Den tredje bilen sto parkert. Den tilhøyrde ein trafikkdirigent som var på staden i samband med manuell dirigering og pågåande vegarbeid, legg han til.

Det er til vanleg 80-sone på staden, men på grunn av vegarbeidet er det sett ned til 50 km/t.

Oppdatert: Klokka 13.32 melder politiet at begge bilførarane blir teke med til sjukehuset i Førde.

Oppdatert:Klokka 13.47 er bilbergar på staden for hente med seg to av bilane.

Oppdatert:Dei to bilførarane er begge menn. Den eine er i 20-åra, og den andre i 60-åra. Det er ingen mistanke om ruskøyring på nokon av dei. Trafikkdirigenten er ei kvinne i 20-åra. Alle dei tre involverte køyretøya var varebiler.

– Vi har kverrsett førarkortet til bilføraren som forårsaka ulykken - mannen i 20-åra. Det blir oppretta sak, avsluttar Frode Kolltveit på opersonssentralen.

Kartet viser ikkje nøyaktig stad for ulykka

Kart: Påkøyrsle

🏷️ Extracted Entities (6)

Frode Kolltveit (person) Klokka (entity) E39 (entity) Førde (entity) Vadheimsvegen (entity) Økslandsvatnet (entity)