Kva er barn sitt beste?
Luster kommune vurderer Ă„ leggja ned Solvorn skule og flytta elevane til Hafslo.
Det er ikkje Þkonomiske Ärsaker til at denne saka er komen opp, vert det hevda. Det er sikkert rett, etter mange skulenedleggingar, er det stor semje om at det pÄ sikt er lite Ä spare ved Ä leggja ned ein skule. SÄ det mÄ ha vore pedagogiske og sosiale Ärsaker til at spÞrsmÄlet er bringa pÄ banen.
DĂ„ Luster kommune bygde ny skule i Solvorn i 1982, var det 22 elevar ved skulen. Diskusjonen om kor skulen skulle byggjast, hadde tatt lang tid. PĂ„ eit tidspunkt vart fem ulike tomte-framlegg diskuterte. Det var lite diskusjon, om nokon i det heile, om 22 elevar var for lite til Ă„ byggja ny skule.
Og det var kanskje bra. Les ein forskingsrapportar, m.a. lagt fram for Hamar kommune av Telemarksforsking, ser ein at skal storleiken ved ein skule ha noko Ä seia for det sosiale og faglege, mÄ ein flytta elevane til svÊrt store skular, stÞrre enn nokon vi har i Luster kommune.
I Aurland kommune har ein i desse dagar vedteke Ä byggja nytt oppvekstsenter for 1.- 4. klasse med ti elevar og ein barnehage i FlÄm. Omtrent det same som ein har i Solvorn.
Skulen har 17 elevar. Dette skuleÄret tok det til fire fÞrsteklassingar. Det ser ogsÄ ut til Ä kunne bli fire fÞrsteklassingar neste skuleÄr. Dei har gÄtt i same barnehage i fleire Är. Dei fleste bur i nÊrleiken av kvarandre og kan vera saman pÄ fritida ogsÄ. Foreldra kjenner kvarandre og barna kjenner naboane og bygda dei bur i. Eit godt grunnlag for ein trygg og god oppvekst.
I dei fleste barnefamiliane her er ein av foreldra fÞdd og oppvaksen i Solvorn. NÄr dei har valt Solvorn som oppvekst-stad for eigne barn, er det nÊrliggjande Ä tru at dei tykkjer dei har hatt ein god barndom i Solvorn, og ynskjer det same for barna sine. Alle dei foreldra som uttalte seg pÄ bygdelaget sine mÞte om skulenedlegging nÄ i haust, snakka varmt om skulen og barnehagen i Solvorn.
Det er ikkje problemfritt i nokon skule, heller ikkje i Solvorn. Alle barn er ulike. Nokre finn seg lett til rette, andre treng meir tid. I smÄ klassar har dei vaksne mykje meir tid til Ä sjÄ kvar elev, verta kjende med elevane sine sterke og svake sider og kunne gje dei god hjelp. Noko som er nÊr sagt umogleg i store klasser utan at ein tilfÞrer ekstra ressursar.
Ei innvending mot smÄ skular er at fÄ elevar i ei gruppe gir ein lite Ä spela pÄ i mange undervisings-situasjonar. Men fÄ elevar i gruppa gir ein ogsÄ fleire moglegheiter, m.a. er det lett Ä ta seg ut og nytta nÊrmiljÞet i undervisinga. To-tre bilar fraktar ungar og lÊrarar dit dei ynskjer, til skogs eller til sjÞen, pÄ kort tid, og elevane fÄr lÊra og sjÄ slik ting er i naturen, ei flott erstatning for bok eller nettbrett.
Den nÊre tilknytinga til lokalmiljÞet gjer ogsÄ at det er enkelt Ä nytta seg av ressurspersonar i bygda, noko som kan bli eit viktig supplement i undervisinga. Dette har skulen i Solvorn ofte nytta seg av.
Det seier seg sjÞlv at store elevgrupper naturleg nok mÄ fÞre med seg ein del stÞy. Jo fleire barn, jo meir stÞy. Det har dei siste Ära vore mykje snakk om uro som Þydelegg for undervising og lÊring.
I Solvorn kan gruppestorleiken variera mellom fire og tolv elevar pÄ ulike klassetrinn. Noko som mÄ fortona seg som ein draume-situasjon for dei fleste som arbeider med barn. Ei slik lita gruppe gir elevane optimale moglegheiter for god lÊring.
Forsking viser ogsÄ at det ikkje er slik at elevar som kjem frÄ smÄ skular har dÄrlegare faglege resultat enn dei frÄ store. FÄdeltpedagogikken, som hÞgskulen i Sogndal har vore spesialist pÄ, fÄr ofte ein dobbel effekt, bÄde kunnskapsmessig, men ogsÄ sosialt. Dei smÄ lÊrer seg ferdigheiter av dei store. Dei store fÄr utvikla omsorg og empati ved Ä vera i lag med dei som er yngre.
OgsÄ store skular har nytta fÄdelt- pedagogikk i sitt arbeid, ofte kalla aldersblanding. Dei har oppdaga at denne arbeidsorganiseringa er til nytte for elevane.
Ein del av skepsisen til smÄ skular, dreier seg om pÄstanden om at det kan vera vanskeleg Ä finne seg vener i ei lita barnegruppe. NÄr det er berre ein fÞrsteklassing eit Är, vert det vanskeleg for han Ä finna seg ein ven i skulen. Men han kan bli ven med ein i andre klasse, som han ofte er saman med i skuletimane, eller kanskje ein som gÄr i tredje. Barn kan ofte finne seg vener opp- eller nedover i alder. Dette er noko alle kjenner til, og i skulen kan dei vaksne hjelpa til med Ä leggja til rette for dette.
Det er mykje mobbing i skulen. BÄde i smÄ og store skular er dette eit problem. OgsÄ i Lustra-skulen er det hÞge mobbetal. For ikkje lenge sidan sa ein far til meg, «eg skulle Þnskje dei kunne ta meir fatt i dette med mobbing.» For ordens skuld, det var ikkje skulen i Solvorn han snakka om.
Det er ofte vanskeleg Ă„ oppdaga mobbing. Eg vil tru at i ein liten skule der ting er meir oversiktlege, vil ein fortare kunne oppdaga mobbing og raskare koma i gang med mottiltak.
Eg var i fleire Är medlem av Landslaget for udelt og fÄdelt skule. Der drÞfta vi ofte skulenedleggingar. Mange gonger hadde eg ei kjensle av at argumenta meir var baserte pÄ tru og synsing enn forsking og fakta.
Eg har tillit til at kommunestyret i Luster vil setja seg nÞye inn i kvalitetane ved smÄ og store skular og fÞlgjene av ei skulenedlegging.
Det fortener ei sÄ alvorleg sak. Ei skulenedlegging fÄr konsekvensar for barna, for foreldra, for bygdefolket og Luster kommune. Slik sa min gode nabo det for nokre dagar sidan: «Flyttar dei skulen, skjer dei av berebjelken i bygda. Det tilgjev eg dei aldri!»
Med alle dei fÞr nemnde momenta i tankane, er det vanskeleg Ä sjÄ at ei nedlegging av Solvorn skule er til det beste for barna. For nokre barn, t.d. litt utrygge barn, er det truleg til skade. Det er ogsÄ vanskeleg Ä sjÄ at det er til det beste for elevane pÄ Hafslo Ä fÄ enda fleire barn inn i klassen sin.
Kanskje er det best for ein desentralisert kommune som Luster Ä ha ein desentralisert skule. Det kan vera med pÄ Ä bremsa ei utvikling mot berre to tettstader i kommunen. For Ä hindra flytting av folk og nedlegging av gardar, er det kanskje viktig at dei smÄ bygdene fÄr behalda det dei har av offentlege tilbod som skule og barnehage.
Slik kan ein kanskje unngÄ tomme hus og attgroing, og heller hjelpa til med at jordbruket vert oppretthalde, og at Luster ogsÄ i framtida kan halda fram med Ä vera eit attraktivt reisemÄl.