Opnar dørene for alle også i år: – Ønsker å synleggjera tilbodet
- januar er det klart for nok ein open dag på Valekrossen.
Kvinnherad vidaregåande skule, avd. Valekrossen inviterer til open skule i lokala sine på Valen.
«Dagen blir halden med tanke på rekruttering, men også for å synleggjera tilbodet som finst for elevar som treng ekstra tilrettelegging og støtte i skulekvardagen. Vi jobbar alle mot felles mål der meistring og livskvalitet er viktige faktorar i kvardagen. Vi håpar difor å sjå akkurat deg 14. januar», står det i pressemeldinga frå skulen.
Om Valekrossen
Agenda for dagen er å visa fram skulen, introdusera fagtilbod og fortelja om aktuelle målgrupper for skulen. Ein vil òg få høve til å møta lærarane her.
Valekrossen ser dessutan open dag som ei moglegheit til å etablera gode samarbeidspartnarar.
«Det blir enkel servering!», lokkar leiinga i invitasjonen.
Kinosjef med gode tal: – I år er målet 10.000