Tilsett som ny dagleg leiar: – Eit viktig og meiningsfullt samfunnsoppdrag
– Styret har hatt eit luksusproblem, seier nestleiaren om arbeidet med å finna ein ny dagleg leiar.
Sparebankstiftinga Hardanger melder at dei har tilsett Fredrik Skaarer Fjose som ny dagleg leiar.
– Eg ser fram til å ta fatt på rolla som dagleg leiar, og til å vidareutvikla arbeidet stiftinga gjer for lokalsamfunnet. Det er eit viktig og meiningsfullt samfunnsoppdrag, seier Fjose i ei pressemelding.
Smartembed for https://www.avisa-hordaland.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=456658
Stiftinga har auka satsinga si, og har den siste tida utvida administrasjonen.
Dette gjer at den noverande daglege leiaren skal over i ein ny stilling i stiftinga, medan Fjose tek over 1. april.
Rekordår gjev vekst. No utvidar dei staben og søkjer etter ny dagleg leiar
Til det beste for bygdene
Nestleiar i styret og leiar for tilsetjingsnemnda, Vidar Riber, seier dei fekk mange gode søkjarar til stillinga.
– Så styret har slik sett hatt eit luksusproblem. Etter ein grundig rekrutteringsprosess, er me svært nøgde med å få Fredrik på plass.
Riber seier også at Fjose har den kompetansen og erfaringa stiftinga treng i den vidare utviklinga.
– Han har også god kjennskap til formålet til stiftinga, og korleis ein kan fortsetja ei god forvaltning av kapitalen til det beste for bygdene i Hardanger og Voss.
Om Sparebankstiftinga Hardanger
Motivert til ny jobb
– Å forstå dei ulike rollene stiftinga kan ha i samfunnsutviklinga, og å nytte handlingsrommet til positiv utvikling i regionen, er døme på utfordringar som motiverer meg i den nye jobben, seier Fjose.
Fredrik Fjose er i dag økonomisjef hjå Norsk Landbruksrådgivning. Han har tidlegare jobba i bank.
Han er også svært aktiv på fritida, og driv hestegard på Fjose.
Hardt «dobbeltløp» for Fredrik – sauebonde Helge kjempa mot mygg og ei kald, mørk natt
Stiftinga opplyser at den tidlegare daglege leiaren, Kjetil Widding, vil i si nye rolle bidra til å styrkja stiftinga sitt arbeid vidare, i takt med auka aktivitet og fleire oppgåver.
Helge (41) tek over som dagleg leiar: – Det var på høg tid
Heider og ære til Gerd Ohnstad Tønjum etter 60 års innsats: – Det vart tårevått!
📰 Same Event Coverage (1 articles)
These articles appear to cover the same news event, detected by different methods: