Herold

Villy Våge var ein pioner innan norsk fedmekirurgi

Kilde: Firda Author: På vegner av kollegaer og vener. John Roger Andersen, Gunnar Mellgren og Birger N. Lærum. Published: 2026-01-06 19:27:01
Villy Våge var ein pioner innan norsk fedmekirurgi

Det er med djup sorg vi tok imot meldinga om at Villy Våge gjekk bort første juledag.

Villy vart fødd 28. januar 1961 og voks opp i grenda Våge i Fjaler. Etter eksamen artium studerte han medisin ved Royal College of Surgeons i Dublin, der han vart uteksaminert i 1987.

Etter heimkomsten til Noreg vart han spesialist i generell og gastroenterologisk kirurgi, og arbeidde som overlege ved Førde sentralsjukehus, Voss sjukehus og Haraldsplass diakonale sjukehus. Han disputerte for PhD-graden ved Universitetet i Bergen i 2005.

Villy var ein pioner innan norsk fedmekirurgi. Dei første forsøka på å etablere fedmekirurgi i Noreg frå 1970-talet og framover hadde mislukkast, og skepsisen i fagmiljøa var stor. I doktorgradsarbeidet sitt viste han at langtidsresultata etter den eldre operasjonsmetoden jejunoileal bypass frå 1970-talet var overraskande gode. Inspirert av desse funna, og av etter kvart oppmuntrande internasjonale studiar, vart Villy ein sentral pådrivar for oppstart av moderne fedmekirurgi i Noreg.

I 2001 starta han, saman med kollegaer ved Førde sentralsjukehus, eit fedmekirurgisk tilbod med stor nasjonal betydning. Han tok initiativ til eit lokalt kvalitetsregister som har lagt grunnlag for forsking og betre helsetenester, og vart seinare leiar for Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-N) i Helse Bergen frå det blei oppretta i 2015 og fram til han døydde.

Villy hadde eit stort fagleg nettverk, nasjonalt og internasjonalt. Men framfor alt var han pasientane sin talsmann og kjempa ustanseleg for retten til god og verdig behandling.

– Å oppleve kva ein slik operasjon betyr for eit menneske, er verkeleg stort og rørande, sa han ein gong i eit intervju.

Vi har mista ein høgt respektert kollega, ein sterk talsmann og ein god ven. Samstundes står vi att med stor takksemd for alt Villy var og alt han gav. Våre tankar og djupaste kondolansar går til Vegar, Torgeir, Sonja og familien elles.

Vi lyser fred over minnet hans.

🏷️ Extracted Entities (16)

Villy Våge (person) Noreg (entity) Førde (entity) Helse Bergen (person) Dublin (place) Fjaler (entity) Haraldsplass (entity) Norsk (entity) PhD-graden (entity) Royal College of Surgeons (organization) SOReg-N (entity) Sonja (entity) Torgeir (entity) Universitetet (entity) Vegar (entity) Voss (entity)