Herold

Bevar Lærdal sjukehus

Kilde: Sogn Avis Author: Anne Britt Klingenberg, Årdalstangen Published: 2026-01-06 13:18:44
Bevar Lærdal sjukehus

Lat oss sleppa å uroa oss for kva framtida vil bringa med å leggja ned alt det gode Lærdal sjukehus bidreg med.

I denne situasjonen om å leggja ned ortopedien på Lærdal sjukehus er for meg heilt uforklarleg. Ortopedien på Lærdal sjukehus er den beste i landet. Den er så bra at det kjem pasientar frå heile landet og vil ha behandling i vesle Lærdal.

Når ein har opparbeid seg ein så flott avdeling med topp resultat til pasientar som har behov for hjelp, så må ein ta vare på dette sjukehuset og Helse Førde må vera stolt over resultata. Det er viktig å byggja vidare på der ein har lukkast med og ikkje bryta det ned, å starta på nytt.

Helse er tryggleik. Tryggleik er å ha nærsjukehus når helsa seier at behovet er der.

Så politikarar: «Det er ikkje det ein seier, men det er det du gjer», som betyr noko for oss som bur i utkantstrøk.

🏷️ Extracted Entities (2)

Bevar Lærdal (person) Helse Førde (person)