Gifteklar, men ikkje tatt steget enno? Kyrkja i Kvinnherad gjer det lett for deg
På sjølvaste valentinsdagen står prestar og organistar i Kvinnherad klare for å vigsla folk på sparket.
Kyrkja i Kvinnherad skipar til «drop-in»-bryllaup 14. februar i Kvinnherad kyrkje, og vender seg spesielt til par som har gått med tankar om å gifta seg, men som «liksom aldri har fått gjort det».
- februar er ikkje ein tilfeldig valt dato. Dette er nemleg valentinsdagen – ein dag for feiring av kjærleik og romantikk som blir markert over heile verda. Ikkje berre vil det vera ein passande dag for eit giftarmål, det er også ein dato lett å hugsa for alle framtidige jubileum!
Har booka fotograf
Når Kyrkja i Kvinnherad denne dagen gjer alteret klart for gifteklare kvinnheringar, er det rom for å møta opp – heilt utan avtale – saman med forlovarar og andre som ein måtte ønske å dela augneblikket med. Ifølge pressemeldinga frå kyrkjekontoret vil prestar og organistar stå klare for å gjera det heile til ei flott og minnerik stund.
«Truleg stiller òg kyrkja med ein solist som syng til dykk», skriv sokneprest Kjersti Brakestad Boge, som dessutan nemner at Kyrkja i Kvinnherad er i dialog med aktørar som kan tilby noko ekstra, ut over bryllaupet, for dei som ønsker det.
Blant anna blir det lagt til rette for bryllaupsmeny – som rett nok må bestillast på førehand – samt fotografering med profesjonell fotograf.
«Med andre ord ligg alt til rette for eit enkelt bryllaup og ein kan gjera så mykje ein vil ut av det», skriv Brakestad Boge.
Dersom ein vil nytta seg av høvet, men vil unngå lang ventetid i kyrkjedøra, kan ein melda frå til kyrkjekontoret på førehand.
Det einaste ein må ha klart før ein kan bli vigsla, er ein prøvingsattest frå Skatteetaten, eit dokument som stadfestar at ekteskapsvilkåra er innfridde. Med denne i handa er det berre til å «droppa inn».
Inspirert av Tysnes
– Tysnes kommune arrangerte «drop-in»-bryllaup i fjor, og det var veldig populært. Det er grunnen til at vi gjer det i år, fortel Brakestad Boge til Kvinnheringen.
Ho kan dessutan røpa at det i fjor haust var minst to par som etterlyste tiltaket i Kvinnherad.
– Vi har fått fleire spørsmål om vi ønsker å skipa til «drop-in»-bryllaup, så vi reknar med at nokon kjem, smiler soknepresten, som sjølvsagt synest at ideen er god.
– Eg synest at dette er kjempefint. Eg er veldig glad for alle som finn kjærleiken, og for dei som har lyst til å gifta seg. Det er godt for alle å kunna lova kvarandre kjærleik òg. Eg trur det gir ein auka grad av tryggleik i forholdet, og ikkje minst set barna stor pris på at foreldra giftar seg, seier ho.
Ordføraren starta året med å klippa den finaste snora han hadde sett