Herold

Frydalen inn i nasjonalparken

Kilde: GD Author: Anne-Brit Bismo, nestleiar, Sel SV Published: 2026-01-06 13:34:51
Frydalen inn i nasjonalparken

Sel SV går for at den nordlege delen av Frydalen landskapsområde endrar verneform og vert inkludert i Rondane nasjonalpark. Grunngjevinga for dette alternativet er at det er ei verneform som er godt innarbeida. Med dette vil ein unngå tre ulike verneformer i same område, nasjonalpark, biotopvern og landskapsvern. Det vil gjere det lettare for dei med bruksrettar og andre å forhalde seg til området.

Det er utfordringar med blant anna kiting som ikkje er forbode i landskapsvernområde, men er forbode i nasjonalparken. Det same gjeld og sykling som er forbode med nokre få unntak. I framlegget til tiltaksplanen for villrein er det forslag om å flytte parkeringa på Spranget ned til Mysusæter. Då vil sykling frå Tjønnbakken til Rondvassbu vere negativt når det gjeld å få i gang reinstrekket nord-sør.

Kan og nemnast at nasjonalparkstyret for Rondane/Dovre har forslag om å forby sykling på strekninga Spranget-Rondvassbu i utkastet til forvaltningsplan for nasjonalparken som snart skal reviderast. Då vil det vere logisk at dette og vert gjeldande frå Tjønnbakken om alternativ 1 vert valt.

Det enklaste vil derfor å forby all sykling, både elsykkel og vanleg sykkel, for å gjere det enklare for publikum.

Utviding av nasjonalparken slik det er skissert i alternativ 1, med tillegg om sykkel- og motorferdselsforbod frå Tjønnbakken til Rondvassbu er naudsynt for å ivareta villreinstamma i Rondane nord. Det er og i samsvar med formålet til nasjonalparken.

🏷️ Extracted Entities (8)

Rondane/Dovre (entity) Tjønnbakken (entity) Rondvassbu (entity) Frydalen (entity) Mysusæter (entity) Sel SV (organization) Spranget (entity) Spranget-Rondvassbu (entity)