Måløy Utleie opnar ny avdeling på Nordfjordeid
Utleigeselskapet Måløy Utleie har etablert ny avdeling på Nordfjordeid for å betene kundar i Nordfjord og delar av Sunnmøre betre.
Måløy Utleie har opna ny avdeling på Nordfjordeid, og blir dermed meir tilgjengeleg for kundar i Nordfjord og delar av Sunnmøre. Den nye avdelinga ligg i Fossebakken på Nordfjordeid, der Norgeshus Andor Hovden AS held til.
Selskapet blir drive av brørne Sondre og Emil Gangsøy, og har vore i drift i tre år. Dei tilbyr utleige av lift, stillas, maskiner og anna utstyr til bygg-, anleggs- og vedlikehaldsarbeid.
– Den nye avdelinga i Fossebakken gir betre moglegheiter for å betene kundar i heile Nordfjord, og dessutan delar av Sunnmøre, seier dagleg leiar Sondre Gangsøy i ei pressemelding til Firdaposten.
Etableringa på Nordfjordeid kjem som følge av auka etterspurnad etter tenestene til selskapet i området. Med den nye lokaliseringa blir avstanden kortare for kundar frå indre delar av Nordfjord og Sunnmøre, samanlikna med då all utlevering tidlegare skjedde frå Måløy.
Avdelinga vil tilby eit utval av sortimentet til Måløy Utleie, med hovudfokus på utstyr som er mykje brukt i profesjonelle prosjekt. Dette inkluderer mellom anna lift, stillas, maskiner og teleskoptruck.
– Måløy Utleie ser etableringa som eit viktig steg i vidare utvikling av selskapet, og som eit bidrag til auka aktivitet og verdiskaping i Nordfjord og nærliggjande område, seier Gangsøy.
Den nye avdelinga på Nordfjordeid er no i drift, og både eksisterande og nye kundar kan ta kontakt for meir informasjon om tilgjengeleg utstyr og tenester.