Herold

Bertelsen og Garpestad i retten: Saksøkt for 34 millionar etter Haukeli-prosjekt

Kilde: Haugesund avis Author: Inga Øygard Jaastad Published: 2026-01-06 12:51:54
Bertelsen og Garpestad i retten: Saksøkt for 34 millionar etter Haukeli-prosjekt

Bertelsen og Garpestad møter i desse dagar AG Tunnel i Hardanger og Voss tingrett. Striden står om mangfaldige millionar kroner.

SØKSMÅL [Hardanger Folkeblad]:I tre somrar gjekk det føre seg utbetringsarbeid i tunnelane på E 134 Haukelifjell. Både Haukelitunnelen og Vågslidtunnelen er oppgraderte.

No føregår det ein millionoppvask mellom entreprenørane i Hardanger og Voss tingrett etter anleggsarbeidet. Det skriv NRK.

Arbeidet tok eitt år meir enn planlagd, og hovudentreprenør Bertelsen og Garpestad (B&G) har allereie forlikt med Statens vegvesen i ein tvist om prosjektet. Dette skjedde utan å gå til retten.

No står tvisten mellom underentreprenør AG Tunnel og B&G. Sistnemnde saksøkjer B&G for 34 millionar kroner. B&G har gått til motsøksmål.

Tvisten mellom dei to handlar om påstått låg bemanning, undervurdering av arbeidsomfang og feilmontering av vifteboltar.

Rettssaka, som starta tysdag, skal halde fram i fire veker.

Arbeidet på E 134 var først ferdig i 2023, eitt år etter planen. Sluttrekninga kom opp i éin milliard kroner.

Striden mellom AG Tunnel og B&G handlar òg om mindre oppdrag i Rogaland, men i all hovudsak om Haukeli-prosjektet.

Det er B&G som saman med Metrostav som vann og har starta arbeidet med ny tunnel mellom Liamyrane og Seljestad på E 134.

🔗 Published by 3 sources - Compare:

THIS SOURCE Haugesund avis
Bertelsen og Garpestad i retten: Saksøkt for 34 millionar etter Haukeli-prosjekt
Inga Øygard Jaastad · 2026-01-06 12:51:54
Bertelsen og Garpestad møter i desse dagar AG Tunnel i Hardanger og Voss tingrett. Striden står om mangfaldige millionar kroner.
Bertelsen og Garpestad i retten: Saksøkt for 34 millionar etter Haukeli-prosjekt
Inga Øygard Jaastad · 2026-01-06 12:46:07

📰 Same Event Coverage (2 articles)

These articles appear to cover the same news event, detected by different methods:

🏷️ Extracted Entities (16)

Garpestad (place) AG Tunnel (organization) Haukeli-prosjekt (entity) Hardanger (entity) Voss (entity) Bertelsen (entity) Haukeli-prosjektet (entity) Haukelifjell (entity) Haukelitunnelen (entity) Liamyrane (entity) Metrostav (entity) NRK. Arbeidet (organization) Rogaland (place) Seljestad (place) Statens (entity) Vågslidtunnelen (entity)