Herold

Bolseth går til Molde etter 24 år i Sogndal Fotball

Kilde: Firda Author: Synne Muren Olsen Published: 2026-01-06 11:41:33
Bolseth går til Molde etter 24 år i Sogndal Fotball

Rykker opp til Eliteserien, når han no blir ny assistenttrenar i Molde FK.

Rune Bolseth har takka ja til ny jobb, og har allereie hatt sin siste arbeidsdag i Sogndal Fotball, melder klubben på sine eigne heimesider tysdag.

Bolseth debuterte i Sogndal i 1999, og legg altså bak seg 24 år i same klubb.

Han seier at grunnen til at han har fått tilbod om ny jobb i kystbyen ved Romsdalsfjorden, handlar om nettverk og moglegheiter han har opparbeidd seg gjennom tenarkurs og tilknytinga til landslaget.

– Det har gitt meg utvikling og relasjonar som har gjort dette mogleg. Sogndal har ein «standing» ute i landet på jobben som blir gjort her, seier Bolseth.

Å alltid jakte neste talent er ein del av mantraet deira, og har også blitt ein del av trenaridentiteten hans, opplyser trenaren.

No ser han fram til å få nye utfordringar i eit nytt miljø, men legg ikkje skjul på at han kjem til å følge Sogndal tett.

– Eg har stor tru på at Terje, Luis og resten av teamet vidareutviklar det som blei skapt i fjor og går ein god sesong i møte.

Første arbeidsdag i Molde FK er allerie i morgon; onsdag 7. januar.

🏷️ Extracted Entities (7)

Sogndal Fotball (person) Molde FK (organization) Rune Bolseth (person) Eliteserien (entity) Luis (entity) Romsdalsfjorden (entity) Terje (entity)