Takk Laura Hanssen!
Du rådde over store overskot frå konfeksjonsfabrikken og takk for at du brukte nokre av dei på å forskjønne byen vår då du anla Chateau-hagen! Romsdalsmuseet følger godt opp.
Takk Laura Hanssen!
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Eg fer til fots nedetter Parkvegen og smett inn i ei anna verd når eg kjem inn i ditt rike Laura. Tre så store at eg trur eg er i eit anna land, blomar og grusgangar så eg trur eg er i parque del Buen Retiro i Madrid.
Men så er eg berre på veg til jobb i Molde og då eg passerar Kulturhuset og får sjå fjella vaknar eg opp og gler meg over snarvisitten i eit anna rike.
Glømt er den begynnande vandaliseringa av kulturmiljøet "Villaene ved Reknesparken" som fleirtalet i teknisk styre i Molde godkjente. På sørsida av Parkvegen var det berre to villaer. No er den eine revet og den andre er tatt ut av kulturmiljøet. På tross av at Molde kommune meldte til Riksantikvaren at dette vil vi ta vare på! Ein kan ikkje bry seg mykje om kulturmiljø og ha mykje pengar om ein gjere dette.
Så må eg innrømme Laura at det er ikkje alt eg har gjort i parken din som tåle dagens lys. Det var sikkert derfor det skjedde om natta. Men eg gjorde meg ikkje bort. Du har nok og litt av skjylda sidan parken innbyr til det meste og er ein tumleplass og ein fristad midt i byen.
På vegen vidare går eg rett gjennom eller rundt inne i Kinoparken og helsar farvel til Nini Roll Anker på veg ut. Bysten står der til heider for ei som mellom anna skreiv om arbeidstilhøva for syerskene i konfeksjonasfabrikkane.
På heimveg får eg verkeleg auga opp for arbeidet ditt Laura, der det held fram med det Molde kommune kalla den grønne korridor. Lukt til Varden bers det via Reknesparken, museet, Storlihytta og Vardestua! Ingen ville ha turt å røre dette.
Tenk om dei sju tusen som bur på Bergmo, Fuglset og Kviltorp kunne få behalde parken og skogen sin. Der er mange Laura Hanssen typar som jobbar i Retiroskogens venner.
Eg håpar at dei får til det du fekk til på denne sida av byen. Dei har nok ikkje pengane dine Laura, men dei åndar for byen vår, folket og det biologiske mangfaldet!
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal