Bikkjekald? Kulden held fram
Det vert kaldare, og tysdag morgon kom det ein ny bestenotering av minusgrader på Vangen denne vintersesongen.
Mellom klokka 06 og 07 vart den lågaste temperaturen målt til -17,1 grader.
Samstundes ser det ut som ein kan venta seg endå kaldare noteringar om ikkje så alt for lenge. Prognosane seier at ein kan koma ned i -20 grader fleire gonger denne veka, og at det vert «bikkjekaldt» både natt og dag dei komande dagane med tosifra kuldegrader døgeret rundt.
Kuldevarselet er forlenga, og per tysdag føremiddag ser det ut til at det vert like kaldt heile vegen til uti neste veke.
Av målestasjonar kring Vangen kan ein sjå at på Vinje var det -20,4 mellom klokka 03-04 i natt, på Evangervar den lågaste temperaturen siste døger målt til -13,8 grader og på Svelgane -17,3 grader.
Vêrmelding Voss