Kommunekommisjonen kjem med tilrådingar – leiar røper usemje
Fredag leverer kommunekommisjonen sine tilrådingar til regjeringa for å løyse situasjonen i Kommune-Noreg, melder NRK og Nationen. Ifølgje leiaren har det vore usemje.
Nationen oppgir å ha fått stadfesta dagen frå Kommunal- og distriktsdepartementet.
Også NRK melder at rapporten kjem fredag.
Kommisjonen kjem til å peike på nokre konkrete tiltak som kan redusere statleg styring, fortel kommisjonsmedlem Camilla Dunsæd, som er kommunedirektør i Kristiansand, til kanalen.
– Så kjem vi også med forlag til korleis vi bør jobbe vidare. For kommunesektoren må omstillast, det er heilt nødvendig om vi skal klare å levere eit godt samfunnsoppdrag framover, seier ho.
Intern usemje
Til Altinget fortel kommisjonsleiar Eivind Dale, som er spesialrådgivar i Kommunal- og distriktsdepartementet, at dei legg fram forslag til både juridiske og økonomiske tiltak som handlar om den statlege styringa av kommunesektoren.
– Det som handlar om andre forhold, vil vi jobbe med fram mot den neste rapporten, seier han.
Dale vil ikkje komme inn på konkrete detaljar i forslaga før rapporten blir lagt fram i sin heilskap. Han røper likevel at han trur fleire av dei vil føre til debatt.
– Vi legg fram mange forslag, og det var ikkje semje om alle, seier han.
Noko forseinka
Då regjeringa utnemnde kommisjonen i starten av april i fjor, uttalte dåverande kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng (Ap) dette:
− Kommunesektoren er under stort press når det gjeld økonomi og tilgang på arbeidskraft. For at norske kommunar og fylkeskommunar skal kunne halde fram med å gi gode velferdstenester til innbyggjarar i heile landet, må vi ha eit kritisk blikk på korleis staten styrer kommunane.
Kommisjonen skulle etter planen komme med ein første rapport før jul i fjor, men Stenseng opplyste i starten av desember til Stortinget at han kom til å bli levert på nyåret.
Kommisjonen består av tolv medlemmer, blant dei representantar for organisasjonar i arbeidslivet og politikarar.
Brenna: Meir pengar ikkje einaste løysing
I eit nyttårsintervju med NTB poengterte Ap-nestleiar og parlamentarisk leiar i partiet Tonje Brenna at meir pengar frå regjeringa ikkje er den einaste løysinga for å kunne halde oppe velferdstenestene ute i kommunane.
– Dei siste 10–20 åra har vi lempa inn stadig fleire rettar og lovfesta tilbod til innbyggjarane, utan at det nødvendigvis har følgt med nok ressursar. Derfor har vi sett i gang dette store arbeidd med kommunekommisjonen no, for å sjå om det er ting vi rett og slett må deregulere, sa ho.
(©NPK)