Difor må du kanskje vise legitimasjon i taxien
Plus
Nordhordland Taxi vidarefører ei populær ordning frå i fjor.
Verdt kostnaden
– Eg har sagt til sjåførane at om dei er i tvil, er det berre å spørje om legitimasjon, for då blir passasjerane glade, seier leiar i Nordhordland Taxi, Arvid Bauge.
Passasjerane som kanskje må fram med kortet for å bevise at dei faktisk er gamle nok, er dei over 67 år. Sidan dei kan reise for halv pris mellom 09:00 og 12:00 på kvardagar mellom 1. desember og 23. desember.
Det var sjåførane sjølve som tok initiativet til ordninga i fjor, då dei ville gjere noko fint for dei eldre. Ei gruppe som nyttar taxitilbodet ofte.
– Vi fekk veldig gode tilbakemeldingar i fjor og dette er noko også sjåførane set pris på. Det er kjekt å kunne gjere dette.
Populariteten til ordninga gjer at Nordhordland Taxi må fram med lommeboka for å dekke inn resten av summen som turen kostar.
Men Bauge er tydeleg på at det er det verdt.
– Mange av dei vi køyrer i jula, køyrer vi også resten av året. Pensjonistar er flittige brukarar av taxitilbodet, så det er bra å kunne gje noko tilbake til dei.