Herold

Rykte ut til Sjøkanten i Sogndal

Kilde: Sogn Avis Author: Ronja Årskaug Vallestad Published: 2026-01-05 17:38:54
Rykte ut til Sjøkanten i Sogndal

Folk vart evakuerte.

Måndag kveld kom det melding om at det var kjent gasslukt inne på Biltema-butikken på Sjøkanten i Sogndal.

– Det er litt uklart kor omfattande dette er, men senteret blir evakuert for sikkerheits skuld. Brannvesenet vil gjennomføra gassmåling og gjera vidare undersøkingar, opplyser Jostein Steinsland-Hauge ved 110 Vest-sentralen klokka 18.29.

Uttrykking Sjøkanten

Politi og ambulanse rykte også ut til staden.

– Det er ein eller annan gasslekkasje på Biltema. Det er ikkje sikkert kva det er for noko, men me har evakuert dei som var i butikken. Alle kom seg fort ut, fortel operasjonsleiar i politiet Erik Skjerdal til Sogn Avis.

– Er det nokon personskade?

– Nei, det er ikkje personskade.

– Folk fekk beskjed om å trekka vekk. Var det fare for eksplosjon?

– Det var ikkje fare for eksplosjon, men me ville vera på den sikre sida. Når situasjonen er avklart vil butikken bli opna igjen, seier Skjerdal.

Klokka 18.48 melder 110-sentralen at det kan vera snakk om gassutvikling frå batteriet i ein truck som har stått på lading.

– Denne er køyrd ut og lukta inne skal no vera vekke. Det er uvisst om det faktisk er trucken som laga lukta eller ikkje, men det er grunn til å tru det, sidan lukta er vekke, opplyser Steinsland-Hauge.

🏷️ Extracted Entities (6)

Sjøkanten (entity) Sogndal (place) Biltema (entity) Erik Skjerdal (person) Jostein Steinsland-Hauge (organization) Vest-sentralen (entity)