Herold

Sunnfjording dømd til 14,5 års fengsel

Kilde: Sogn Avis Author: Einar Lundsør Published: 2026-01-05 18:32:18
Sunnfjording dømd til 14,5 års fengsel

Mannen i 40-åra er dømd for overgrep mot seks barn.

(FIRDA:) Det skriv NRK måndag kveld.

Sunnfjordingen erkjente straffskuld i Sogn og Fjordane tingrett i desember. Han er og dømd til å betale over 15 millionar kroner i oppreisning og erstatning til dei fornærma.

Aktor la ned påstand om at mannen skulle bli dømd til 14 år og 6 månadar. Det blei også domen avsagt i retten.

Mannen blir dømd for gjentatt seksuell omgang med barn under 10 år, for seksuell samleie med barn under 14 år, for å få fått barn under 14 år til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv og for å ha produsert framstilling av seksuelle overgrep mot barn eller framstilling som seksualiserer barn.

Han har og hatt overgrepsmateriale.

Sunnfjordingen er dømd for overgrep som har skjedd over ein periode på 18 år.

Han har vore i varetekt sidan han blei pågripen hausten 2024.

Forsvarar Svein Holden vil ikkje kommentere domen overfor NRK.

Les meir om saka her:

Andre dag av rettssak om overgrep: Tiltalte forklarar seg

Tiltalte hevda han tagde om overgrepa for å «verne dei fornærma»

Bistandsadvokat: – Dei fornærma er takksame for at politiet tok kontakt

📰 Same Event Coverage (1 articles)

These articles appear to cover the same news event, detected by different methods:

🏷️ Extracted Entities (6)

NRK (entity) Det skriv NRK måndag kveld (organization) FIRDA (entity) Fjordane (entity) Forsvarar Svein Holden (person) Sogn (entity)