Skal forlenge ferjekaia på Isane
Ferjekaia på Isane skal tilpassast framtidas ferjedrift og forlengast med 23 meter mot vest- noko som kan bidra til å betre regularitet på ferjesambandet.
Asplan Viak er tiltakshavar på vegner av Vestland fylkeskommune. Dei har hatt førehandskonferanse med Bremanger kommune fordi dei ønskjer å søkje dispensasjon frå den kommunale arealplanen i staden for å setje i gang eit heilt nytt reguleringsplanarbeid. Gjeldande arealføremål i sjø er bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Planføremålet på landsida er hamneområde, landareal, som omfattar eksisteriande kaianlegg. Det må såleis gjevast dispensasjon for vesentlege nye tiltak.
I tillegg til forlenging av kaia skal det monterast nytt teknisk anlegg og tilrettelegging for ladetårn. Dagens forankring med betongfundament på landsida, vil ikkje ha nokon funksjon når ny kai er bygd. Kommunen ønskjer derfor at dei gamle fundamenta blir fjerna.
I fjor tildelte Skyss den såkalla Sogn og Fjordane-kontrakten til Fjord1, som trer i kraft i 2027.
Vi spør regionleiar Jan Petter Thomsen i Fjord1 om nytt kaianlegg på Isane vil gjere det lettare komme til og frå kaia i all slags vêrforhold:
– Den nye kaia er direkte konsekvens av krav til den nye ruteperioden. Ei ny og betre kai vil kunne bidra til å halde god regularitet. Vi kjem snart med ny informasjon om driftsopplegget på Stårheim-Isane i lag med oppdragsgjevar Skyss.
Som ein del av kontrakten vil Fjord1 implementere betydelege klimakrav. Sambanda Stårheim – Isane, og Måløy – Oldeide skal drivast heilelektrisk, med forbrenningsmotor som reserveløysing.
For dei andre sambanda i Sogn og Fjordane-kontrakten vil det vere krav om delelektrisk drift. Skyss anslår at desse tiltaka vil redusere utsleppa med mellom 70 og 95 prosent samanlikna med dagens drift.
Kontrakten trer i kraft i november 2027, og omfattar ferjesambanda Måløy – Husevågøy – Oldeide, Isane – Stårheim, Askvoll – Fure – Værlandet og Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella. I tillegg inkluderer kontrakten ein opsjon for drift av sambandet Askvoll – Gjervik – Fure. Kontrakten har ei varigheit på 15 år.