Herold

– Uten utkanten, intet sentrum!

Kilde: Drangedalsposten Published: 2026-01-05 15:30:00
– Uten utkanten, intet sentrum!

Skrevet av Terje Austad, framtidig pleiepasient

Då er det endelig avgjort. Tørdal skule blir lagt ned frå hausten 2027. I korridorane på kommunehuset kan ein endeleg senke skuldrene og puste letta ut. Neida, det har ikkje vore lett, og politikarane har hatt ein stor jobb, budsjett skal gå i hop og det er vanskeleg.

Vanskeleg er det også å stå imot presset frå administrasjonen og frå fleirtalet i befolkninga, det er tross alt i sentrum det bur flest folk. Det er sikkert vanskeleg å forstå at me kjempar for noko som verkar umogleg. Mange blei derfor glade for at dei folkevalde gjekk inn for å bevare skulen i sommar.

Men kor lenge var Adam i Paradis; eit kommunestyrevedtak varer som kjent bare fram til neste vedtak, gudane vite kva for nye moment som har dukka opp på det snaue halvåret. Vitnar det om dårleg økonomisk kontroll? Dette er det sjølvsagt forskjellige meiningar om, ein folkevald gjekk ut i lokalavisa og meinte småbarnsfamiliar nærmast var uansvarlege som ville behalde ein så liten skule. Eg kan berolige med at dei slettes ikkje er det, men at dei kjempar for noko dei trur på.

Tørdal skules skjebne er avgjort

Andre støttar vår sak i avisinnlegg og ser heilskapen i eit samfunn der me faktisk er avhengig av kvarandre, liten som stor, gamal som ung. Så lenge eg kan hugse, har lokalpolitikarane klaga på at små utkantkommunar blir neglisjerte av Løvebakken (eg har vore ein av dei sjøl), og nå er Drangedal som kommune der.

Sett i lys av milliardinvesteringar på Varpet, der det blir skapa arbeidsplassar, kan det faktisk vere framtidsretta å frede skulen fram i tid, men det er tydeligvis ikkje kommunen sin praksis. Håpar den praksisen kan leggjast til side, for det kan skapast mykje verksemd i samanheng med Varpet. Eg trur Driv er i gang med ting og jobbar med saka, sørg for at dei får arbeidsrom. Det er nå me må investerte, ikkje når toget har gått.

– Tørdal, farvel og takk for oss?

Eg nemnde litt om økonomisk kontroll tidlegare: Når det gjeld utbygginga av Doktormyra, så skal me visst svi av nokre hundre millionar framover, personleg veit eg lite om detaljane (det er mi eiga skuld), men eg veit ein ting, og det er at dette har me ikkje råd til. Kanskje me kunne tone ting litt ned og ikkje la oss blende av konsulentar, arkitektar og fine teikningar. Då kunne me kanskje tatt oss råd til å behalde skule, kommunale vegar osv. Eller har redsla for eldrebølga tatt oss heilt? Drangedal satsar på dei eldre, og det er bra, men det er vel knapt eit framtidsretta satsingsområde. Eg trur me får satse på dei unge, for når underteikna forlét steinrøysa oppi enden av dalen, treng han nokon til å skifte bleiene sine.

Då hjelper det lite å sitte i blokka mi på myra og surfe inn i evigheten på 1. klasse. Om eg har råd til å bu der då.

Mulig å få til – men kan bli dyrt

🏷️ Extracted Entities (8)

Varpet (entity) Adam (entity) Doktormyra (entity) Drangedal (place) Driv (entity) Løvebakken (entity) Paradis (entity) Terje Austad (person)