Lang kø etter krasj
Trafikkproblem på E39 på Flatøy.
Klokka 15:50 mandag ettermiddag strekte bilkøen seg heilt frå Hordvik og til Knarvik. Ein bil hadde vore borti midtrabatten og blokkerte delar av vegen på Flatøy like før Hagelsundbrua.
Bilar kunne passere, men det vart likevel store køar.
Klokka 16.20 var bilbergar på plass og hadde ingen problem med å frakte med seg bilen.
Vegen er no heilt open.
🏷️ Extracted Entities (5)
Flatøy
(place)
E39
(entity)
Hagelsundbrua
(entity)
Hordvik
(place)
Knarvik
(place)