Herold

– Det kjem til å halda seg på minus lenge

Kilde: Hordaland Author: Marit Folkedal Lussand Published: 2026-01-05 11:40:09
– Det kjem til å halda seg på minus lenge

Prognosane seier ein kan koma ned i -20 grader på Vangen.

Sesongens kaldaste temperatur på Vossevangen så langt kom natt til sundag, då ein var nede -16,6 grader.

På dagen måndag er ein nede i -12,8 grader medan Hordaland tek telefonen til meteorologen.

– Det er ei ganske kald tid, stadfestar Mette Skjerdal, vakthavande meteorolog.

Ho fortel at me er inne i ein kald og turr periode, og at denne ser ut for å vara ved ei lengre stund.

– Kor kaldt kan det verta?

– Det er litt usikkert, det kan koma endå litt kaldare vêr. Prognosane seier enn så lenge at temperaturen kan falla ned til mellom -15 og -20 grader.

Ho forklarar mellom anna at vinden spelar inn om kaldt det vert.

– Om det er vind i lufta, så er ikkje lufta så mykje i ro, og då vert det ikkje så kaldt. Ein har også lokale forskjellar i små kuldegroper.

Enn så lenge ser det ut for at det vert litt mildare att mot slutten av veka.

– Men temperaturen kjem til å halda seg på minus lenge.

Vêrmelding Voss

🏷️ Extracted Entities (4)

Mette Skjerdal (person) Vangen (entity) Vossevangen (entity) Vêrmelding Voss (person)