Trygg skuleveg – ein rett, ikkje eit privilegium
Etter å ha lese innlegget om trygg skuleveg til byskulen, noko eg synst er veldig bra, fekk det meg også til å tenkje: skal ikkje alle barn ha rett til trygg skuleveg?
Etter mange år med venting, går det framleis mange barn kvar dag til Brandsøy skule på ein langt frå trygg skuleveg.
Eit av postnumra i Kinn kommune (6908) har vore eitt av dei mest veksande i kommunen dei siste åra, med stor auke i tal barn, men framleis står vi her med ein utrygg skuleveg for barna våre.
Kvar morgon, når ein reiser på jobb eller veit at barnet sitt er på veg heim frå skulen, sit ein med ein klump i magen fordi barnet må gå langs denne vegen. Er det slik det skal vere?
Allereie i valet i 2015 kom Solheim Olsen på døra til leilegheita vi budde i. Eg var gravid med vårt første barn, og han gav store lovnader om at det skulle bli trygg skuleveg innan barnet vårt begynte på skulen.
No er barnetvårt i midten av 4. klasse, men framleis ingen utbetringar er gjort.
Barna går kvar dag langs vegen med stort antal personbilarbilar og tungtrafikk. På nokre stader er det rett og slett ingen moglegheit til å passere utan å måtte gå i sjølve vegen.
Er dette trygg skuleveg? Når skal politikarane vakne og handle?
Barn har rett til tryggleik, ikkje berre løfte. Det er på tide at kommunen prioriterer trygg skuleveg for alle!
No sikrar dei skulevegen
Basestasjonar utan naudstraum set tryggleiksalarmar ut av funksjon
Gav møtegodtgjersla til Krisesenteret