Jostein Grimeland fyller 90 år
- januar fyller Jostein Grimeland 90 år. Han er fødd og oppvaksen på garden Grimeland i Angedalen, ein oppvekst prega av hardt arbeid, ansvar og eit sterkt verdigrunnlag. Faren var prest og misjonær, og Jostein fekk tidleg respekt for kunnskap, pliktkjensle og fellesskap.
Utdanningsvegen var ikkje sjølvsagd for ein bygdegut på 1950-talet, men Grimeland gjekk på realskule i Førde og på Firda gymnas på Sandane, før han søkte seg til medisinstudium i Tyskland. Før opphaldet i Tyskland fekk han si første sterke tilknyting til Finnmark, som lærar i Båtsfjord. Møtet med Nord-Noreg sette djupe spor i han.
Medisinstudia i München og Kiel baud på både motgang og meistring. Etter turnusteneste i Mo i Rana og Hyllestad, fullførte han spesialutdanning ved Haukeland sykehus og Sentralsykehuset i Akershus. Han tok etterutdanning ved Akademiska Sjukhuset i Uppsala og tileigna seg ei grundig leiarutdanning i regi av legeforeininga og studium ved Senter for helseadministrasjon ved Rikshospitalet, inkludert mastergraden i helseadministrasjon.
Ferdig utdanna spesialist og klar for større oppgåver, vende Grimeland tilbake til Finnmark. I Hammerfest var han tidvis den einaste anestesilegen nord for Trondheim. Arbeidsdagane var lange, ressursane få og risikoen høg. Her var det nybrotsarbeid i ordets rette tyding: innføring av respiratorbehandling, avansert anestesi og gjenoppliving i eit helsevesen på eksperimentstadiet. Legen tok avgjerder der utfallet ofte stod mellom liv og død, og han bar ansvaret fullt ut.
Etter mange år i nord, flytta Grimeland sørover i 1983. Han fekk jobb ved Sentralsjukehuset i Førde, først som overlege og sjeflege, før han i 1988 vart direktør. Tida hans som direktør fall saman med den mest intense sjukehusstriden i Sogn og Fjordane. Grimeland stod tydeleg på faglege vurderingar og fremja sentralsjukehuset sine interesser, noko som etter kvart gjorde posisjonen hans vanskeleg. Konflikten enda med at han gjekk av som direktør i 1995.
I tida etterpå og fram til han blei pensjonist i 2001, vende Grimeland attende til det kliniske arbeidet, mellom anna i luftambulansen – eit tilbod han sjølv var med på å byggje opp, ikkje berre lokalt, men òg på regionalt og nasjonalt plan. Fleire dramatiske hendingar, mellom anna helikopterulukka i Førdefjorden i 1996, har festa seg sterkt i minnet.
Grimeland har tre døtrer, tre barneborn og eitt oldebarn, alle heimehøyrande i Sunnfjord. Han og kona, røntgenlegen Kisse Juel, vender årleg tilbake til Finnmark, der jakt og fiske og møte med vener og kjende framleis står sentralt. Legen, leiaren og jegeren har sett djupe spor etter seg – i helsevesenet, i landsdelen i nord og hos dei mange som har arbeidd saman med han.
Jostein Grimeland – pioneren og jegeren er 85 år