Herold

Todalsfjordprosjektet og Tove Torve

Kilde: Aura Avis Author: Erling Rød, sivilingeniør og politikar emeritus Published: 2026-01-05 12:45:12
Todalsfjordprosjektet og Tove Torve

Torve som er hyra inn som dagleg leiar, og Nydal som er styreleiar i Todalsfjordprosjektet AS, eit påverkarselskap, hadde eit langt lesarinnlegg rett før jul. Skriveriet var ein merknad til skriveriet mitt om Todalsfjordsprosjektet og ferdigheit i rekning.

Å legge meiningar til andre som dei ikkje har, er ein vanleg hersketeknikk.

Torve og Nydal er usanne når dei i første setninga skriv: «Erling Rød har i et leserinnlegg i avisene Aura Avis og Driva beregnet at det vil koste 5,5 millioner kroner for å finansiere planleggingen av Todalsfjordprosjektet».

Eg skreiv berre om kostnadane med å lage reguleringsplanen.

I skriveriet mitt er det ikkje eit ord om «å finansiere planleggingen av Todalsfjordprosjektet».

Etter fylkestinget las eg i avisene:

- Aura Avis 10. desember: «Fylkestinget har onsdag vedtatt å bevilge rett i underkant av 55 millioner kroner til reguleringsarbeidet for Todalsfjordprosjektet».

- Driva 10.desember: «Fylkestinget setter av til sammen 50 millioner kroner de kommende fire åra for å lage detaljreguleringen av prosjektet som skal knytte Sunndal og Surnadal tettere sammen».

Vedtaket i fylkestinget vart vedteke etter forslag frå FrP, H, Krf og V: «Gjennomføring av reguleringsplan mm for Todalsfjordkryssinga.

Todalsfjordprosjektet ,2026-2029, 10 000, 10 000, 10 000, 24 700».

(Fylkesdirektøren forslag, 2026-2029, 1 350 1 800 7 500 20 000)

Før møtet i fylkestinget om budsjettet hadde det vore eit påverkingsarbeid på Nordmøre. Det kom inn 3 uttalar om Todalsfjordprosjektet.

Uttale frå Todalsfjordprosjektet: «ber om at fylkestinget styrker finansieringen av reguleringsarbeidet»

Uttale frå Nordmøre IPR: «Vi ber også om at reguleringsarbeidet og reguleringsplanen fullfinansieres».

Sunndal og Surnadal Næringsforening: «har klar forventning av at prosjektet følges opp med større bevilgninger».

Eg forstår vedtaket med alle skriveria i fylkestinget og skriveria i lokalavisene, som at arbeidet som skal gjerast, er å lage reguleringsplan.

Torve skriv at det for alle pengane er mykje anna som og skal gjerast.

I skriveria om saka i fylkestinget går det ikkje fram kvar alt det andre og talet på 55 millionar kroner har komme frå…….

I Sunndal kommune si møtebok, sak 62/24, frå eit formannskapsmøte 2024-10-17, kan ein lese at dei drøfta eit spleiselag for å lage reguleringsplan.

Her blandar dei og saman omgrepet reguleringsplan med mellom anna forprosjekt, og kokar det i hop til ei kostnadsramme på 62 millionar kroner. Kostnadsoppsettet til reguleringsplan omfattar «Forprosjekt hengebru», «Interne admin/lønnskost», seismikk og grunnborring.

I prosjektarbeid er det lurt å dele opp arbeidet og kostnadane i bolkar. Det er og lurt å tidfeste bolkane. For kvar bolk bør foten setjast ned og stadfeste om prosjektet er på rett plass i omfang, kostnadar og framdrift.

Det er aldri for seint å endre kurs, men kostnadane med kursendringar aukar dess lenger prosjektet har komme.

Lurt er det at dei som bestemmer, politikarane, får lagt framom seg ryddige og forståelege forslag til vedtak.

Med ryddigheit i politikk og forvalting blir det ikkje plass for ringrevar og verksemder som skal drive påverking.

🏷️ Extracted Entities (16)

Tove Torve (person) Uttale frå Todalsfjordprosjektet (organization) Aura Avis 10. desember (organization) Nydal (place) Uttale frå Nordmøre IPR (organization) Driva 10.desember (organization) Forprosjekt hengebru (entity) FrP (entity) Interne admin/lønnskost (entity) Krf (entity) Nordmøre (entity) Skriveriet (entity) Sunndal (place) Surnadal Næringsforening (person) Todalsfjordprosjektet AS (organization) Todalsfjordsprosjektet (entity)