Alle vil ha egg og kylling, men kvifor vil ingen ete høne lenger?
Nordmenn et egg og kylling som aldri før, men høna har forsvunne frå det norske middagsbordet.
Saka samanfatta:
- Nordmenn et meir egg og kylling enn nokon gong, men forbruket av høne har stupt sidan 1995.
- Høna er meir tidkrevjande å lage til og har mindre kjøt enn kylling, noko som gjer ho mindre populær i ein travel kvardag.
- Det er over 4 millionar verpehøns i Noreg. Dei fleste blir avliva og brukt til biodiesel, feitt og betong i staden for mat.
- Mange nordmenn er ikkje klar over kva som skjer med hønene etter at dei sluttar å legge egg.
- Høna er eit berekraftig matalternativ som kunne vore utnytta betre i norsk kosthald.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Kva kom først; Høna eller egget? Uansett kva du svarer, så må du ha ei høne for å få egg. Og alle vil ha egg. Men ingen vil ha høne.
Toppåret for høna kom i 1995. Sidan har det stort sett berre gått nedover.
– Høne er kjempemat! På 60-70-talet kunne du koke nokre høns, så hadde du god middag midt i veka utan at det var for dyrt, fortel Kari Støfringsdal.
Ho har drive med norsk tradisjonsmat i ei årrekkje. Skal høna kome på bordet igjen, så må fleire nordmenn få smake ho, trur Støfringsdal.
Tidsklemma sin feil?
Men høna må sjå seg totalt utkonkurrert av avkommet. For ironisk nok peikar pilene for egg og kylling i heilt motsett retning. Aldri før har protein-elskande nordmenn kjøpt så mykje norske egg og kylling som det ligg an til i 2025.
– Det er eit paradoks. Samstundes har kyllingen meir kjøt på seg. Han er raskare å lage til og rimelegare. Tidsklemma tek oss når vi kjem heim frå jobb og skal lage ein rask middag, seier Ellen Hovland i Norsk Fjørfelag.
Frå matbord til betong
Kylling kom for fullt inn i norsk kosthald på 80-talet. Salet har gått frå 0 i 1981 til 110.000 tonn i år. Medan hønseslaktet hadde sin topp midt på 90-talet. Frå då har salet falle med 85 prosent.
– Det er synd at vi nordmenn ikkje et meir høne, altså vaksne fuglar. Dette er god mat, og vi et stort sett berre kylling. Det finst ikkje noko meir berekraftig kjøt enn kjøttet frå dei dyra som uansett blir fora opp, seier forfattar Andreas Tjernshaugen.
Høna spelte hovudrolla i den siste boka han skreiv. Han trur folk flest ikkje veit kva som skjer med høna når ho er ferdig med å legge egg.
Kring 4 millionar verpehøns forsyner nordmenn med egg. Etter eitt og eit halvt år nærmar livet deira seg slutten.
Norske verpehøns får leve i kring eitt og eit halvt år.
Då reiser dei fleste høns til Hamar og Biosirk sitt anlegg. Her blir dei gjort om til feitt til fyring og biodiesel og betong.
– Ja, du kan seie at vi hiv noko som kunne fungert på middagsbordet. Samtidig er det lite kjøt på høna samanlikna med kylling. Og ho er tidkrevjande å lage til, seier Hovland.
NRK-programmet Forbrukerinspektørene prøvde i 2017 «å redde» høna.
I løpet av 2025 har det blitt endå vanskelegare å få tak i høne til matlaging. Nationen melder at ei ny tolking av regelverket, gjer at Nortura har slutta å slakte høner.
Trur nordmenn veit for lite
Å koke eller trekke ei høne tek to timar eller meir, alt etter storleiken. Når nordmenn lagar middag skal det gå raskt. Dagens varme måltid skal helst vere klart på maks ein halvtime.
Samstundes er færre nordmenn tett på gardsdrifta lenger.
– Folk har ikkje bønder i nær familie eller omgangskrets. Høns er heller ikkje ute, så ein kjem ikkje tett på dei. Folk veit og ser lite til dei, og tenkjer ikkje over kva som skjer. Vi kastar mykje verdifull mat, og det burde vi gjere noko med, meiner Tjernshaugen.