Staten skvisar bort nynorsken
Direktoratet for forvaltning og Ăžkonomistyring (DFĂ) forvaltar dei digitale lĂžysingane som svĂŠrt mange i Noreg er heilt avhengige av for Ă„ gjere jobben sin.
Staten skvisar bort nynorsken
Direktoratet for forvaltning og Ăžkonomistyring (DFĂ) forvaltar dei digitale lĂžysingane som svĂŠrt mange i Noreg er heilt avhengige av for Ă„ gjere jobben sin.
Du leser nÄ et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
I DFĂ-portalen og DFĂ-appen leverer statstilsette og eksterne alt frĂ„ reiserekningar til honorarkrav og timelister. Dette er ikkje smĂ„ting. Dette er ein del av den grunnleggjande infrastrukturen for det daglege arbeidet i staten.
Likevel finst desse lĂžysingane berre pĂ„ bokmĂ„l og engelsk â og ikkje pĂ„ nynorsk. DFĂ meiner at sprĂ„klova ikkje gjeld fordi systema er «interne». Det er eit argument som ikkje held mĂ„l.
For det fĂžrste: NĂ„r du som tilsett i staten leverer reiserekning, krev utgiftsrefusjonar eller fĂ„r lĂžnsopplysningar, gjer du det som privatperson. Mange av dei som bruker DFĂ-systema, er dessutan ikkje statstilsette i det heile. Mellom anna meddommarar, tolkar, timelĂŠrarar ved universiteta og hĂžgskulane og medlemmer av offentlege utval mĂ„ ĂČg bruke desse tenestene. DĂ„ kan ein seie at argumentet om «internt bruk» fell bort.
For det andre: SprÄklova er krystallklar pÄ fÞremÄlet sitt. Ho skal fremje likestilling mellom bokmÄl og nynorsk og sikre at staten tek ansvar for begge dei norske skriftsprÄka. Ho slÄr dessutan fast at det offentlege har eit sÊrleg ansvar for Ä fremje nynorsk, ettersom det er mindre brukt enn bokmÄl. NÄr DFà vel Ä ikkje tilby nynorsk i system som hundretusenvis av nordmenn mÄ bruke, undergrev direktoratet denne likestillinga i praksis.
For det tredje: DFĂ klarer Ă„ tilby engelsk. Det viser at infrastrukturen finst. Det som manglar, er viljen.
Dette handlar ikkje om at nokre sÊrleg sprÄkinteresserte vil ha litt meir nynorsk i kvardagen. Det handlar om respekt for dei rettane borgarar og statstilsette faktisk har. Det handlar om at staten sjÞlv mÄ vere den fremste garantisten for den sprÄkpolitikken Stortinget har vedteke. Og det handlar om at likestillinga mellom bokmÄl og nynorsk aldri blir meir enn tomme fraser dersom ho ikkje blir fÞlgd opp i praksis.
At eit statleg direktorat vel bort nynorsk i sÄ sentrale tenester, burde uroe alle som er opptekne av at lover skal gjelde likt for alle, og av at staten sjÞlv fÞlgjer sine eigne reglar.
DFà meiner som nemnt sprÄklova ikkje krev at portalen og appen skal finnast pÄ bÄde bokmÄl og nynorsk. Noregs MÄllag er ikkje samd i det. Men om det likevel var slik at finjussen gav DFà rett, tilseier alle prinsipp i sprÄklova likevel at DFà mÄ tilby desse tenestene ogsÄ pÄ nynorsk.
Staten skvisar bort nynorsken. Statlege organ mĂ„ ta sprĂ„kpolitisk ansvar â ikkje minst i dei digitale verktĂžya vi alle mĂ„ bruke. DFĂ mĂ„ snu. Om DFĂ ikkje vil snu for eigen maskin, mĂ„ den politiske leiinga i Finansdepartementet ta affĂŠre pĂ„ vegner av sin underliggjande etat.
Vil du skrive i PÄ trÄden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt â Rbnetts meningsportal
đ° Same Event Coverage (1 articles)
These articles appear to cover the same news event, detected by different methods: