Livsfarleg korttenkt kutt i ambulansetenesta
Plus
Administrerande direktør i Helse Førde tilrår å fjerne ein dagambulanse og flytte ein døgnambulanse vekk frå E39. Tiltaket kan spare nokre kroner, men kan koste liv.
Lavik er strategisk viktig for beredskapen
Lavik ligg strategisk langs E39, med høg trafikk og stor ulykkesrisiko. Ambulansestasjonen dekkar område med lange avstandar til sjukehus og legevakt, og hadde 596 oppdrag i 2024. Å flytte døgnambulansen vekk frå E39 og samstundes legge ned dagbilen i Fjaler vil svekke beredskapen dramatisk.
Store ringverknader i heile regionen
Endringane vil gje ringverknader frå Skei til Askvoll og Balestrand. Når ambulansar frå Førde og Høyanger må dekke fleire oppdrag, aukar responstida både i sentrale og grisgrendte strøk. Dette er ikkje små justeringar. Det handlar om kritiske minutt som kan avgjere liv eller død. Ved hjartestans eller hjerneslag er kvart minutt avgjerande. Ei slik svekking bryt med prinsippet om forsvarleg helsehjelp.
Allereie kritisk høg responstid
Responstida i Helse Førde er allereie kritisk høg, med 37 minutt i grisgrendte strøk. Føretaket har den svakaste responstida i landet. Flytting av døgnambulanse frå E39 og nedlegging av dagbil i Fjaler vil forverre situasjonen ytterlegare. Prognosane er skremmande:
- Hyllestad frå 29 til 43 minutt
- Lavik frå 5–10 til 40 minutt
- Høyanger sørside frå 60 til 105 minutt
Planlegg for fortida, ikkje framtida
Framskrivingar i Helse Førde sitt nedslagsfelt viser 42 prosent vekst i oppdragsmengde fram mot 2040. Å redusere kapasiteten no er å planleggje for fortida, ikkje framtida. Prehospital plan frå 2021 slo fast at Lavik ved E39 skulle behalde døgnambulanse for å sikre eit forsvarleg tilbod og god beredskap. Kva har endra seg på fire år, anna enn dårlegare økonomi i helseføretaket?
Tryggleik kan ikkje målast i kroner
Innsparingane på 5,6 millionar kroner er små samanlikna med risikoen for liv og helse. Alternativ null, dagens struktur, er det einaste forsvarlege valet for innbyggjarane og for dei som ferdast langs E39.
Eg ber styret i Helse Førde om å avvise tilrådinga frå administrerande direktør når saka skal handsamast på styremøtet 29. januar. Stem for alternativ null og behald døgnambulansen ved E39 i Lavik og dagambulansen i Fjaler.
Tryggleik kan ikkje målast i kroner.