Minneord: Harald Kvamme
Plus
«Harald var kunnskapsrik, snill, raus, lojal og omtenksam. Eg høyrde aldri eit vondt ord om andre», skriv John Bjarte Nordberg i dette minneordet om onkelen sin.
Det har gått ei tid sidan vi mista vår kjære Harald. Saknet er stort framleis. Vi har nett feira jul, og det var ei høgtid som Harald var svært glad i. I mange år var eg med onkel og pynta juletre, både i Hafstadvegen, heime hos oss og hjå besteforeldra i Kvamme og hjå oldeforeldre, tante og onkel på Vie.
Harald var kunnskapsrik, snill, raus, lojal og omtenksam. Eg høyrde aldri eit vondt ord om andre. Han hadde sans for humor og kunne komme med gullkorn og underfundige replikkar. Han var aldri høgrøysta og stilte seg sjølv i bakarste rekke.
Harald hadde god hukommelse om farne tider og var historieinteressert. Som bilseljar gjennom mange år kunne han fortelje om årsmodell og kva farge det var på den og den bilen; ja, til og med registreringsnummeret.
Etter bilseljartida byrja han å køyre buss i Firda Billag, og seinare arbeid på godsekspedisjonen. Begge jobbane likte han svært godt, og han utførde arbeidet sitt med stor nøyaktigheit. Han var hjelpsam med alle. Inga oppgåve var for lita viss han vart beden om å hjelpe til.
Då han vart råka av kreftsjukdom, handterte han det på ein god måte. Vi høyrde han aldri klage, han var den same personen som før. Han heldt sjukdomen for seg sjølv og ville ikkje at vi andre skulle vite kor alvorleg det var. Det var heller han som trøysta oss.
Harald var alltid interessert i korleis det gjekk med oss onkelbarna og grandonkelbarna hans. Han likte godt å få besøk av slekta si. Harald var fadder for meg, og det var han av fadderane mine som eg mista sist. No eg han også borte.
Eg saknar Harald og det lune, varme og litt forsiktige smilet hans.
Fred over det gode minnet ditt, kjære onkel Harald.