Herold

Finst pengane likevel?

Plus
Kilde: Firda Author: Jan Heggheim, Adm dir, Musea i Sogn og Fjordane, Sandane Published: 2026-01-05 08:45:50
Finst pengane likevel?

Tore Dvergsdal, styreleiar i Sunnfjord Utvikling, tek fortenestefullt opp ei sak i nettutgåva av «Firda» 12. desember. Slik han ser det, manglar vi «rike onklar» i lokalsamfunnet, og han peikar særleg på idrett. Han vil ikkje påstå at dei med pengar bør ta meir ansvar. Det Dvergsdal tek opp, er ei utfordring for dei aller fleste områda utanfor dei store byane.

Der er mykje kapital i Sogn og Fjordane, og kapitalen i vårt område er «tolmodig», altså ofte bunden opp i familieføretak. Fordelen er at det berre unntaksvis blir brukt kapital på risikofulle prosjekt.

Musea i Sogn og Fjordane har handlefridom, men for å halde på den blir gapet mellom ressursar og behov berre større og større. Når kulturarbeidet til næringslivet i vår region stort sett handlar seg med ei annonse i årsmeldinga og nokre basargevinstar, skuldast dette mangel på tradisjonar: Næringslivet skal drive med næring, det offentlege skal finansiere kulturaktivitetar. Utdanninga legg opp til dette, økonomar og ingeniørar blir økonomar og ingeniørar, i motsetning til i utlandet blir det sjeldan blanda inn humanistiske fag.

Museum og andre kulturinstitusjonar kan ikkje forvente at dei offentlege bidraga går opp. Vi må altså arbeide med høgare besøkstal og prosjektfinansiering. I ein region med 110.000 innbyggarar har musea om lag 60.000 besøkande, og det er høgst avgrensa kva vi kan tviste ut. Då har vi nokre få vegar å gå: Fleire frå turisme, slik bremuseet i Fjærland gjer med stor suksess, og auka søknadsaktivitet mot eksisterande stiftingar.

Sparebankstiftingane gjer ein kjempejobb, og det er først og fremst desse vi må lene oss til slik det er no. Stor andel privat finansiering er slett ikkje uproblematisk, men med profesjonelle private aktørar som sparebankstiftingane går det stort sett veldig bra.

Kan det tenkjast at kultur inkludert idrett kan få draghjelp frå næringslivet også i grisgrendte strøk? Er det ein idé med ei stifting der både privat og offentleg kapital kan slå seg saman? Slik kan vi bygge profesjonelle miljø som kan vere med å bygge solide kulturtiltak og dermed institusjonar også her på bygda. Eg er kanskje naiv, men er sikker på at fleire med kapital kan tenkje seg å delta, berre dei er trygge på at «pengane fer vel».

Ingen av landets rikaste har adresse i Sunnfjord

🏷️ Extracted Entities (5)

Fjordane (entity) Sogn (entity) Sunnfjord Utvikling (person) Tore Dvergsdal (person) Fjærland (place)