I dag kan du søke om å få sletta studiegjeld
Plus
Frå klokka 14.00 mandag 5. Januar kan svært mange i Firda-land få sletta 25.000 kroner av studiegjelda si.
Regjeringa har innført ei ordning som medfører at innbyggarar som budde i dei mest usentrale kommunane i landet i heile fjor kan få nedskrive studiegjelda si med 25.000 kroner årleg. Eit krav er også at ein må ha vore yrkesaktiv i heile 2025.
– Men det går ikkje av seg sjølv. Du må søke, og Statens Lånekasse opnar for søknader frå klokka 14.00 måndag 5. januar, seier kommunikasjonsrådgjevar Gunnar Omsted i Statens Lånekasse. Smartembed for https://www.firda.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=455026
Ordninga gjeld kommunar i det Statistisk sentralbyrå definerer som sentralitetsklasse 5 og sentralitetsklasse 6. Dette omfattar alle kommunar i Firdas nedslagsfelt. Sentraliteten til ein kommune blir avgjort mellom anna basert på nærleik til arbeidsplassar og servicefunksjonar.
Sunnfjord, Kinn, Gloppen og Sogndal kommunar er i sentralitetsklasse 5, medan Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Solund er i sentralitetsklasse 6.
– For å få sletta 25.000 av studiegjelda må du fylle ut eit søknadsskjema på nett. Det skjemaet legg vi ut på sidene våre klokka 14.00 måndag, seier Omsted.