Herold

Tør nesten ikkje snakke høgt om draumestarten: – Me vil ikkje «jinxe» det

Plus
Kilde: Haugesund avis Author: Jogeir Bigset Published: 2026-01-04 23:01:00
Tør nesten ikkje snakke høgt om draumestarten: – Me vil ikkje «jinxe» det

Bedrifta starta i det små i oppkøyrselen til ein kunde. Nå sjonglerer Magnus Førre Knutsen og Jan Orlikowski (18) skulegang med storsatsing i splitter nytt lokale.

NÆRINGSLIV:Sommaren var på hell.

Kompisane Magnus Førre Knutsen (18) og Jan Orlikowski (18) sat heime og prata.

Knutsen fortalde om ein ny forretningsidé.

Orlikowski likte det han høyrde.

– Eg hadde trua på at dette kan funke, og så har me drøymt om å starte opp noko for oss sjølve. Det gir litt meir motivasjon, fortel han.

Såg sjeldan sjanse

Knutsen hadde nemleg notert seg at nå dukka det opp eit hol i båtmarknaden.

Dette såg han i ekstrajobben ved Båtskadesenteret.

Nå hadde sjefen der bestemt seg for å redusere arbeidet med botnstoffing av nye båtar.

– Då var det jo mogeleg for oss å ta over desse jobbane. Det er ikkje så mange som driv med dette på Haugalandet. Me kunne jo berre prøve, fortel han.

– Berre til å hoppe i det

Karane bestemte seg for å begynne i det små, og ved sidan av skulegangen.

Dei går i same klasse siste året på vidaregåande, og har kjent kvarandre sidan barnehagen.

Saman starta dei firmaet Haugesund Båtpleie.

– Det var berre til å hoppe i det. Når ein er ung og bur heime hos foreldre, er det ikkje så mykje som kan gå heilt feil. I verste fall så går det ikkje, seier Orlikowski.

I månadsskiftet august-september fekk firmaet det første oppdraget.

– Då stod me i oppkøyrselen til ein kunde og gjorde klar båten hans, fortel Orlikowski.

Oppdraget gav meirsmak.

Ikkje lenge etter flytta dei inn i eit lite lager på Norheim, men det var ikkje ideelt.

– Det var lågt under taket og litt stress å få plass til båtar, medgir han.

Starta i det små

Likevel greidde dei å hanke inn jobbar.

– Me var frampå og sende ut e-postar for å få kontakt med folk, fortel Orlikowski.

Gradvis fekk dei i gang samarbeid med ulike forhandlarar i regionen, blant anna Smart Marine.

– Dei har gitt oss jobbar, fortel Knutsen.

– Kor mykje investerte dokker for å komme i gang?

– Eigentleg ikkje så mykje. Me kjøpte nokre poleringsmaskinar i starten. Så har me tent litt pengar og fått større mogelegheiter, svarer han.

Då det leid mot vinter fekk 18-åringen ein uventa telefon.

Kunne ikkje takke nei

Det var Jarle Vikingstad, dagleg leiar i Smart Marine, som ringde.

– Det var i første timen på ein skuledag, så eg tok med meg Jan ut på gangen. Me blei veldig overraska og glade, fortel Knutsen.

Vikingstad er nemleg i ferd med å bygge opp eit «båtunivers» på Bø på Karmøy.

2023 til tross, omsetningen øker veldig: Takker en åtte år gammel idé for suksessen

Og nå hadde han eit tilbod til 18-åringane.

Like ved Smart Marine stod nemleg eit verkstadlokale tomt.

Ville Haugesund Båtpleie flytte inn her?

Det kunne ikkje kompisane takke nei til.

Kjekkare enn å sitje heime

Første desember flytta dei inn i den nye verkstaden.

Her har dei fire løftebukkar og rikeleg med plass.

I februar skal ein splitter ny vaskehall stå ferdig vegg i vegg.

– Blir det ikkje stressande med skulegang på dagen og båtpleie kveld og helg?

– Jo, men det er kjekkare dette enn å bli liggande heime på sofaen og berre sjå på telefonen, svarer Orlikowski.

Kompisen nikkar.

– Og så er me jo såpass gode venner at det er kjekt å gå på jobb.

Vil ikkje jinxe

– Kva seier vennane dykkar når dokker fortel om dette?

– Dei blir begeistra, men me snakkar eigentleg ikkje så altfor høgt om det. Eg veit ikkje om alle har fått med seg kor stor denne hallen er, og eg trur det vil vere eit sjokk for mange, svarer Knutsen.

– Kvifor ikkje snakke høgt om det?

– Nei, me vil vel ikkje «jinxe» det.

– For oss litt eldre, kva betyr det å «jinxe det»?

– At ein seier noko, og så blir det ikkje noko av.

– Kjekt å overraske

Høgsesongen for firmaet begynner til våren når folk skal ha båten på sjøen.

Då er det også eksamenstid for karane som går siste året på vidaregåande.

– Det kjem til å bli spennande. Me får berre bite tennene saman og jobbe på, og så får me jobbe med skule når det blir tid til det, seier Knutsen.

Til sommaren vil kompisane sjå det an.

Går firmaet bra, tar dei kanskje pause frå skulegangen og satsar på firmaet.

– Viss alt går slik dokker drøymer om, kor er Haugesund Båtpleie om fem år?

– Forhåpentleg så er det mange båtar her og kanskje ein tilsett eller to. Me har mange planar, men ikkje lyst til å snakke for mykje om det nå. Det er kjekt å overraske folk litt, svarer han.

🏷️ Extracted Entities (10)

Haugesund Båtpleie (person) Jan Orlikowski (person) Smart Marine (person) Kompisane Magnus Førre Knutsen (person) Båtskadesenteret (entity) (entity) Haugalandet (entity) Jarle Vikingstad (person) Karmøy (place) Norheim (place)