Skular og barnehagar er bygde for langt større barnetal
Plus
- Skular og barnehagar i Vaksdal kommune er bygde for langt større elevtal ein har i dag. Dermed driftar kommunen meir areal enn nødvendig, går det fram av forslaget til budsjett for området DIS (Digitalisering, Innovasjon og Samfunn).
Framleis gamle bygg
Klima
Konsekvensar av lågare ramme
Sett i høve til folketalet har kommunen mykje bygningsmasse. Kommunen har store verdiar i infrastruktur, bygg og anlegg. Tilstandsrapportar viser at vedlikehaldstakten må aukast for å unngå skader, verditap og høgare driftskostnader.
- Planmessig vedlikehald er vanskeleg ved knappe økonomiske rammer. Driftskostnader som løn, straum og forsikring må dekkjast, og vedlikehald vert salderingspost, heiter det.
Trass i nybygg og rehabilitering dei siste åra har kommunen framleis ein del eldre bygningsmasse med stort vedlikehaldsbehov. Også nyare bygg frå dei siste 10-15 åra treng vedlikehald.
- Berekraftig vedlikehald av kommunale bygg vil krevja at kommunen reduserer og effektivisera bygningsmassen. Kritisk infrastruktur som veg, vatn og avløp har også store etterslep. For kommunale vegar går det meste av budsjettet til vintervedlikehald. Personellressursane er så knappe at vaktberedskap VA/veg, delvis må dekkjast inn ved tenestekjøp eksternt, går det fram av budsjettsaka.
Klimaet er i endring og det fører til:
- Mykje av infrastrukturen innan vatn og avløp er ikkje dimensjonert for auka vassmengder. Vedlikehaldsetterslepet er stort og kan resultera i større skadar framover. Den nye hovudplanen for vatn, avløp og vassmiljø er basert på endra føresetnadar og nye krav. Planen viser behov for raskare fornyingstakt av eksisterande infrastruktur, betre overvasshandtering og auka krav til reinsing av avløp, heiter det.
Den nye tilstandsrapporten og hovudplanen for kommunale vegar, viser utfordringar på vegar, kai og brurer.
- Etterslepet er stort og vil auka framover med dagens vedlikehaldstakt. Klimaendringane forsterkar denne utviklinga, går det fram av saka.
Kommunen har opplevd fleire naturhendingar med konsekvensar for infrastruktur, eigedom og anlegg. Topografien gjev mange aktsemdsoner for skred og kommunen har stor merksemd på dette.
Kommunaltekniske tenester forvaltar og driftar kommunale eigedomar, kommunal infrastruktur som vatn/avlaup og veg, grøntområde, idrettsanlegg og gravplassar.
- Arealbruken og vedlikehaldsetterslepet veks, samstundes som kommunen brukar mindre til forvalting, drift og vedlikehald enn andre. Over tid er budsjettmidlane så reduserte at dei knapt dekkjer faste driftskostnader og vedlikehaldet vert nedprioritert. Behov og skader som oppstår fører til meirforbruk. Ved ytterlegare reduksjon i ramma, vil vedlikehaldsbudsjettet verta borte, vert det påpeika.
Oppgåvene knytte til FAS og andre prosjekt, vil krevja at kommunen knyter til seg ressursar som kan hjelpa kommunen i arbeidet i utbyggingsperioden, går det fram av kommunedirektøren si utgreiing.
- Eg er oppriktig bekymra for alt som kjem saman med FAS
Elevtalet går ned med 88 på fem år
Kva er viktigast: Eit tomt industriareal eller barna våre?
Oppveksttun ved skulen på Stanghelle om tre år