Å snuse seg fram til lokale nyhende
Plus
SKRÅBLIKK: Hunden min Pablo er ivrig avislesar. Aller helst les han lokalavisa, som av ein eller annan grunn har lagt ut alle nyhendesakene sine langs vegane der eg går på tur med han.
Det blir mange stopp der han snusar i seg siste nytt. Best likar han det jentene har skrive. Då lyt eg vere tolmodig – han les det ofte opp att fleire gongar. Og han signerer alltid for å markere at han har lest.
På ein grasflekk borti gata er det ordna slik at han kan leggje att eigne innlegg til avisa. Då ser han også gjennom innlegg andre hundar har lagt att, og viser kva han meiner om dei.
Han får meg til å fundere på kor viktige lokalaviser er for oss – både for hundar og folk. Og eg tenkjer på kor heldig eg er som kan sitje inne og lese papiravisa utan å måtte snuse meg fram til nyhende.
Det er nettopp det som er jobben til lokalavisene – å snuse seg fram til stoff som fortel om livet i bygda. Det er det lokalavisene skal, spegle livet i lokalsamfunnet – og ikkje minst passe på kva kommunen driv med.
Dei fortel om fotballkampar, om songkor, om butikkar som opnar og butikkar som legg ned, om ny prest og om skrøpelege lokalvegar. Men viktigast er kanskje rolla som kikkert inn i det kommunale systemet.
Kva driv dei eigentleg med i kommunen? Kva skjedde på møtet i Formannskapet og i Bygdeutviklingsutvalet? Kva sa han som du gav stemma di til ved siste val, og kva gjorde eigentleg ho som tidlegare lova å ordne opp i både eitt og hitt?
Ei god lokalavis både fortel om og avslører kva som skjer bak dei kommunale dørene. Og dei skriv om kva som står i dei endelause kommunale saksdokumenta som ingen av oss orkar lese.
Over 200 lokalaviser i Norge gjer nettopp dette. VP er ei av dei. Og dei gjer det grundig. Eg trur knapt det blir skriven ein setning i kommunen utan at VP får det med seg – og skriv om det slik at det blir forståeleg.
Dei fortel så informativt om kommunale møte at eg trur politikarane tenkjer seg nøye om før dei tar ordet når dei ser journalisten på bakarste rad.
Det er nett slik det skal vere. Det er slik lokalavisa blir vår lyttepost, kikkert og vaktbikkje inn i det kommunale systemet. Så får vi heller tole at dei også har saker som ikkje alle synest fortener trykksverte.
Pablo finn også mykje interessant i det han les. Men han fortel meg ingenting. Han har nok høyrt om dette med betalingsmur. Eg lyt prøve å lokke med ein ekstra godbit.
janperstyve@gmail.com