Herold

Gratulerer til AO-bandet med 30-årsjubileum!

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Kjartan Haugsnes, varaordførar Published: 2025-11-24 11:32:47
Gratulerer til AO-bandet med 30-årsjubileum!

Eg var så heldig at eg fekk helse frå Vaksdal kommune til AO-bandet på deira feiring av 30-årsjubileet i Smia pub 20.11.2025. Her er helsinga:

Gratulerer med 30 års jubileum. 30 år med musikkglede – for oss, og for dykk sjølve.

AO bandet er del av limet som held oss som lokalsamfunn saman – og som gjer Vaksdal kommune til ein betre stad å bu – ikkje noko mindre!

AO senteret (No Dreisen) var 30 år i 2022 – berre tre år seinare såg AO-bandet dagens ljos. Bandet har mange mødre og fedre, (Løvemammaer og Løvepappaer), men eg vil trekkje fram Ida Carlsen Eide Aabrek som ei av dei viktigaste.

Eg hadde samtale med Ida i går og vi vart einige om ansvarsdelinga, det vil seie at eg vart einig i det Ida sa. Eg skal helse frå kommunen og Ida vil seie noko om historia.

Men eg vil no likevel rette ein spesiell takk til Margrethe Eide og Inge Myklebust som har vore med frå starten – 30 år er eit heilt liv – nesten. Eg fann eit intervju med Margrethe i VP for om lag 10 år sidan, der ho fortel om AO-bandet, konsertane og musikkinteressa ho arva frå pappen sin.

Musikkglede er viktig, sjølv er eg relativt tonedøv og spelar ikkje instrument, men musikk er ein stor og viktig del av mitt liv likevel. Musikken gjev ei glede eg òg har prøvd å formidle vidare til mine born. (som alle har spela instrument i kulturskulen i Vaksdal)

I tronge budsjettider er vår oppgåve som politikarar å halde fast på at Kulturskulen får gode kår – vi skal ikkje berre eksistere – vi skal leve òg.

Så takk til Ida og alle formødrene – takk til Morten Skage og Mai-Britt Risnes Iversen som har halde fast i AO-bandet, takk til Per Jørgensen som på sin heilt eigne måte skapar enno meir glede inn i bandet.

Takk til Torsdagsklubben som ein av dei viktigaste støttespelarane, takk til Kulturskulen for dedikasjon og takk til alle i Vaksdal som stiller opp på konsertar. Og til slutt – og ikkje minst – tusen takk til kvar og ein av dykk i AO-bandet for utretteleg å skape glede.

På vegner av Vaksdal kommune – gratulerer med dei første 30 åra, gratulerer med jubileet og med blom og 3000 kr frå kommunen; gratulerer med dagen.

Kjartan Haugsnes, varaordførar

AO-Bandet er klar for jubileumskonsert på Puben

🏷️ Extracted Entities (19)

AO-bandet (entity) Dreisen (entity) Gratulerer (entity) Haugsnes (place) Ida (entity) Ida Carlsen Eide Aabrek (person) Inge Myklebust (person) Kulturskulen (entity) Løvepappaer (entity) Mai-Britt Risnes Iversen (organization) Margrethe (entity) Margrethe Eide (person) Morten Skage (person) Per Jørgensen (person) Puben (entity) Smia (entity) Torsdagsklubben (entity) Vaksdal (place) Vaksdal) I (organization)