- Dagleg får me inn gåveønske til born
Plus
Gjennom Frivilligsentralen kan folk som treng ein matkasse til jul eller julegåver til borna, få hjelp.
Slik kan du søkja om hjelp
Kva ønskjer barna seg til jul?
Matkassar til jul
Frivilligsentralen tilbyr gjennom juleaksjonen matkassar og julegåver til familiar og enkeltpersonar.
Frivilligkoordinator i Vaksdal kommune, Maren Amanda Thorkildsen, ønskjer at dei som treng hjelp, kontaktar henne direkte eller via eit kontaktskjema på kommunen sine nettsider.
- Om ein ikkje heilt vågar å gjera det sjølv, kan folk få ein som dei stolar på til å gjera det for dei. Denne personen blir då vår kontaktperson. Me treng ikkje vita kven som treng hjelp, berre alder på dei som ønskjer julegåver, storleik på klede og så vidare.
Thorkildsen får allereie dagleg inn ønske frå born.
- Ei jente på 6 år ønskjer seg ein raud kjole til jul, og ei anna på 4 år drøymer om dokkehus med dokker eller babydokke i dokkevogn. Fleire born ønskjer seg snakkande Stitch og vinterklede, fortel Maren.
I tillegg til julegåver, kan Frivilligsentralen òg hjelpa med mat til jul
- Me har ein standardkasse med julemat, og det er bra at dei som vil ha ein slik kasse, formidlar spesielle ønskja. Det er ikkje alle som et svin til dømes, og me har fått ønske om vanleg mat i staden for julemat. Me prøver sjølvsagt å imøtekoma alle ønske. For dei som ønskjer å bidra med pengegåver til julegåveaksjonen eller matkassar, så kan ein vipsa pengar til oss, seier Thorkildsen.
Frivilligsentralen ber om at behov vert melde inn innan 1. desember.
🏷️ Extracted Entities (9)
Dagleg
(entity)
Frivilligsentralen
(entity)
Kva
(entity)
Maren
(entity)
Maren Amanda Thorkildsen
(person)
Matkassar
(entity)
Stitch
(entity)
Thorkildsen
(entity)
Vaksdal
(place)