Petersen feirar 100 år
Plus
Ein konsert i august markerte starten på 100 årsjubileet til Petersen i Gatå, og til helga fortset feiringa. Då vert det mimring, bilete og gamle ting frå butikkhistoria.
Under julegateopninga på laurdag 29. november skal Petersen feira seg sjølv.
- Me starta med konsert i august, og no skal me ha ein liten salsdag på fredag i samband med black week. På laurdag blir det kake og så kjem tidlegare butikkdrivar Finn Magne Petersen for å mimra litt saman med Jan Cleveland. Dei vil visa fram litt bilete frå historia til Petersen, seier Stian Jordalen som driv butikken og kafeen i dag.
I 100 år har same bedrifta halde til i Konsul Jebsens gate 4 i Gatå på Dale. Namnet og vareutvalet har endra seg litt over åra, men organisasjonsnummeret er framleis det same som det var i august 1925 då August Petersen og Berge Eide oppretta forretninga Eide & Petersen.
Den gongen bestod verksemda av bakeri, daglegvare og ei manufakturavdeling. I 1934 vart det oppretta bokhandel, og i 1948 vart butikken ein av dei første kommisjonærane for Norsk Tipping, saman med blant anna Sørensen Tobakk i Bergen. Petersen er i dag ein av veldig få kommisjonærar som har drive kontinuerleg så lenge.
- Me tenkjer å dra fram litt gamle tippemaskiner, saman med anna gammalt utstyr for å visa fram til folk, seier Stian Jordalen.
Bakeriet på Petersen vart avvikla på midten av 60-talet, og vareutvalet har variert etter den tid. Kontorutstyr, steintøy, gåveartiklar, leikar og klede har mellom anna vore å finna i lokala.
- Ja, Petersen har vore mange ting, og me leitar framleis for å halde oss aktuelle. No framover kjem me til å ta inn nokre av dei varene som Jernia hadde i sin butikk, fortel Jordalen.
I 1989 kom Vigleik Ypsøy inn i butikkdrifta, og bedrifta skifta namn til Petersen & Ypsøy.
I dag heiter det altså berre Petersens Handleri, og med tanke på Jernia og nedlegginga, minner Stian oss om at det ikkje er enkelt å drive butikk på Dale.
- Eg prøver å halde liv i butikken fordi eg meiner at det er viktig for lokalsamfunnet. Men me merker dyrtida, og ser at det er vanskeleg. Men noko positivt kan han melda.