Tida er overmoden for eit forbod mot fyrverkeri
Plus
NyttÄrsaftan var prega av brannar over heile landet, frÄ bilbrannar og branntillÞp pÄ skule til full overtenning av bustadhus.
Ulovleg bruk av fyrverkeri, skyting av rakettar mot folk, bilar og bygningar og kombinasjonen fyll og fyrverkeri har igjen sett liv og helse i fare.
Det var berre flaks at menneskeliv ikkje gjekk tapt.
Dyra var ikkje sÄ heldige. Hunden Max vart skremd pÄ flukt av rakettar og vart seinare funnen dÞd. Han er ikkje den einaste. Mange hundar rÞmmer nyttÄrsaftan, og ikkje alle blir funne i god behald.
Stress og sjokk har teke livet av hestar, kuer, sauer, kaninar og andre dyr. StĂžrst er faren for dei ville dyra som ingen kan skjerme.
Kraftige smell kan jage ville dyr ut i farlege situasjonar. Fuglar reagerer med panikkflukt nÄr himmelen eksploderer over dei, og det hjelper ikkje Ä fly andre stader nÄr det smell overalt.
Eit internasjonalt forskarteam brukte vĂȘrradar for Ă„ finna ut kvar fuglane tek flukta, og det var 500 meter til vers, der dei flaug i tette sirklar i 45 minutt eller meir. Dette tek livsviktig energi frĂ„ fuglar som lever pĂ„ sparebluss om vinteren. Kombinasjonen av utmatting og kollisjonar med hindringar kan forklare massedĂžd av fuglar fleire stader i verda nyttĂ„rsaftan.
I dagane fÞr nyttÄrsaftan var sosiale medium fulle av innlegg frÄ bekymra dyreeigarar som bad folk vise omsyn og som rÄdfÞrte seg om kvar dei kunne finna trygge stader.
Mange tek med hundane til flyplassar der det er forbod mot fyrverkeri, dei tek inn pÄ hotell med lydisolerte rom eller flyktar ut av byen.
Andre prÞver Ä skjerme og trÞyste dyra sÄ godt dei kan eller skaffar roande medisinar til dei. Mange bruker kvelden i stallen for Ä prÞve Ä roe oppjaga og skjelvande hestar. Mange droppar nyttÄrsfeiringa fordi alt handlar om Ä roe ned livredde dyr.
Det er ei terrornatt for tusenvis av dyr og eigarane deira.
Her i bygda var det for fÞrste gong ei stille nyttÄrsnatt utan fyrverkeri. Det vart ikkje bruk for hÞyrselsvernet som var lagt fram for at ein 13 Är gammal hund med hjartesvikt skulle komme seg levande gjennom natta.
Det var ingen skjelvande dyr denne natta, ingen som var utslitne etter Ä ha vore redde. Men fjerne smell og lysglimt pÄ himmelen viste at det ikkje var sÄ vel andre stader.
Dagen etter er det mange traumatiserte dyr og menneske. Folk som har flykta frÄ krig kan bli retraumatiserte av lydar som minner om rakettangrep.
Familiar mÄ starte det nye Äret utan heimen sin fordi huset har brent ned. Brannvesen, politi og helsevesen har hatt ei hektisk natt som har kosta samfunnet millionar. Naturen har fÄtt meir tungmetall Ä slita med.
Alt for at eit mindretal av befolkninga insisterer pÄ at nyttÄr mÄ markerast med smell og gneisteregn pÄ himmelen.
Mange ventar pÄ at politikarar og nasjonale styresmakter skal stoppe galskapen. Sprengstoff som blir sleppt laus den dagen flest folk er mest fulle burde vere den enklaste sak Ä forby.
NÄr politiet fÄr sÄ mange naudmeldingar at dei berre kan rykke ut pÄ dei aller mest alvorlege, viser det at situasjonen er ute av kontroll.
Eit alternativ for dei som mĂ„ ha lys pĂ„ himmelen er lys- og lasershow, eller vi kan gjere som enkelte byar i andre land â la kyrkjeklokkene ringe ved midnatt.
Med all verkeleg krig i verda treng vi ikkje Ä feire nyttÄr pÄ ein mÄte som gir assosiasjonar til krig og Þydelegging. La himmelen bli opplyst av stjerner og la stille og omsyn markere at vi gÄr inn i eit nytt Är.
Takk til alle som ikkje har skremt dyr denne nyttÄrsaftan.