Herold

Dette var dei dyraste og billegaste bustadane i Kinn i 2025

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Linda Regina Bruvik Published: 2026-01-04 05:30:00
Dette var dei dyraste og billegaste bustadane i Kinn i 2025

Av dei 20 dyraste bustadane i Kinn kommune i 2025 var berre ein i nordre del av kommunen. Ein var i Eikefjord, og ein pÄ SvanÞy. Resten har postadresse FlorÞ.

I 2025 var det 430 bustader som skifta eigar i Kinn kommune, av totalt 612 eigedomssal. Resten av sala er forretning/kontor (8 sal), landbrukseigedommar (21 sal), fritidseigedommar (57 sal) eller i kategorien "uoppgitt" - som mellom anna er ubebygde tomter og overdragingar utan kostnader.

Den aller dyraste bustaden var Markegata 38 i FlorÞ. Dette er opphavleg ein einebustad frÄ 1880, renovert og ombygd, og pÄbygd i 2003. Bustaden pÄ 152 kvadratmeter midt i FlorÞ sentrum kosta 7,8 millionar kroner, med ein kvadratmeterpris pÄ over 51.000 kroner.

Ein bustad til gjekk for over 7 millionar, det var Auklandsvegen 48 B i FlorÞ. Einebustaden frÄ 2023, pÄ 168 kvadrat, gjekk for akkurat 7 millionar blank, med ein kvadratmeterpris pÄ 41.666 kroner.

Ti bustader hadde ein prislapp i 6-millionarssjiktet, mens dei resterande Ätte pÄ topp 20 gjekk for mellom 5,4 og 5,9 millionar.

Kommunen tok kvadratmeter-rekorden

Den aller hĂžgaste kvadratmeterprisen hadde dette huset: BrendĂžyvegen 25A

Bustaden vart lagt ut for sal til ein prislapp pÄ 5,7 millionar kroner, men Kinn kommune enda opp med Ä betale 6,5 millionar, eller 57.017 kroner per kvadratmeter.

Kommunen kjÞpte eigedommen med tanke pÄ den smale tilkomsten til Kystmuseet. Garasjen pÄ eigedommen grensar direkte til innkÞyringa til Kystmuseet.

I november selde kommunen eigedommen vidare, dÄ utan garasje, og med ei tomt som var 189 kvadratmeter mindre enn dÄ dei kjÞpte tidlegare i 2025.

Salsprisen er per no ikkje offentleggjort, men bustaden lÄg ute til ei prisantydning pÄ 5,5 millionar kroner, og lÄg ikkje lenge fÞr huset vart seld.

Dei som kjÞpte Furuhaugane 25 i FlorÞ var dei som fekk mest att for pengane sine. Her var kvadratmeterprisen pÄ 22.122 kroner, for 278 kvadrat. Med ein salspris pÄ 6.150.000 er bustaden pÄ 11. plass over dei dyraste bustadane i 2025.

Gjennomsnittleg kvadratmeterpris i FlorÞ-delen av Kinn kommune varierte mykje i 2025, frÄ 34.899 kroner per kvadrat i januar 2025 til 21.422 no i desember. HÞgast var det i oktober, dÄ snittet passerte 35.400 kroner. Det er ein liten nedgang frÄ 2024. DÄ var prisane bÄde jamnare og hÞgare, og kvadratmeterprisen var aldri under 25.000 kroner det Äret. Den hÞgaste gjennomsnittlege kvadratmeterprisen var pÄ over 36.114 kroner, i august 2024.

Dei 20 dyraste bustadane i Kinn i 2025

1. Markegata 38, FlorÞ. Salspris: 7.800.000,- Eldre, totalrenovert einebustad frÄ 1880, pÄbygt i 2003. Einebustaden pÄ 152 kvadrat hadde ein kvadratmeterpris pÄ 51.315 kroner.

2. Auklandsvegen 49B, FlorÞ. Salspris: 7.000.000,- Einebustad frÄ 2023. 168 kvadrat, kvadratmeterpris 41.666 kr.

3. BrandsÞysundet 22, FlorÞ. Salspris: 6.800.000,- Einebustad frÄ 2007. 182 kvadrat, kvadratmeterpris pÄ 37.362 kr.

4. BrandsÞyvegen 70C, FlorÞ. Salspris: 6.800.000,-Einebustad frÄ 2013. 159 kvadrat, kvadratmeterpris pÄ 42.767 kr.

5. BrendÞyvegen 25A, FlorÞ. Salspris: 6.500.000,- Einebustad frÄ 1974. 114 kvadrat, kvadratmeterpris pÄ 57.017 kr.

6. Keilevegen 7, FlorÞ. Salspris: 6.400.000,- Einebustad frÄ 1973. Rundt 250 kvadrat, kvadratmeterpris pÄ 25.600 kr.

7. Dragselvvegen 11, FlorÞ. Salspris: 6.400.000,- Tomannsbustad frÄ 2017 pÄ 146 kvadrat, kvadratmeterpris pÄ 43.835 kr.

8. NordvÄgsÞyvegen 86, Raudeberg. Salspris: 6.400.000 kr. Einebustad frÄ 2021. 120 kvadrat, kvadratmeterpris pÄ 53.333 kr.

9. Firdavegen 54, FlorÞ. Salspris: 6.200.000 kr. Leilegheit frÄ 2007 pÄ 126 kvadratmeter, kvadratmeterpris pÄ 126 kr.

10. Nordre Instetunet 17, FlorÞ. Salspris: 6.200.000 kr. Einebustad frÄ 2022 pÄ 148 kvadrat, kvadratmeterpris 41.891 kr.

11. Furuhaugane 25, FlorÞ. Salspris: 6.150.000 kr. Einebustad frÄ 1986 pÄ 278 kvadratmeter, kvadratmeterpris pÄ 22.122 kr.

12. MÄrkroken 3, FlorÞ. Salspris: 6.000.000 kr. Einebustad frÄ 1990, pÄ 194 kvadrat, kvadratmeterpris pÄ 30.927 kr.

13. Prof. IndrebÞgate 16, FlorÞ. Salspris: 5.990.000 kr. Einebustad frÄ 1949, totalrenovert. Kvadratmeter ikkje oppgitt.

14. Hestenesgata 6, FlorÞ. Salspris: 5.800.000 kr. Leilegheit pÄ 102 kvadrat, kvadratmeterpris pÄ 56.862 kr.

15. Fjordgata 12, FlorÞ. Salspris: 5.800.000 kr. LeilegheitpÄ 107 kvadrat, kvadratmeterpris pÄ 53.738 kr.

16. BrandsÞyvegen 19, FlorÞ. Salspris: 5.750.000 kr Einebustad frÄ 1963, 150 kvadrat, kvadratmeterpris 38.333 kr.

17. Digreneset 27, FlorÞ. Salspris: 5.600.000 kr. Einebustad frÄ 1982, 266 kvadrat, kvadratmeterpris pÄ 21.052 kr.

18. Plassen 23, FlorÞ. Salspris: 5.550.000 kr. Einebustad frÄ 2005 pÄ 195 kvadrat, kvadratmeterpris 28.461 kr.

19. Storevika 9, Eikefjord. Salspris: 5.475.000 kr. Einebustad frÄ 2007 pÄ 149 kvadrat, kvadratmeterpris 36.744 kr.

20. G. R. Mellingens veg 11, SvanÞy. Salspris: 5.418.255 kr. Einebustad i rekke frÄ 2024, 101 kvadrat, kvadratmeterpris: 53.646 kr.

Og dei 10 billegaste:

NB: PÄ denne lista er det stort sett leilegheiter i burettslag, som har bÄde fellesgjeld og husleige/felleskostnadar i tillegg.

1. Kalvedalsvegen 1, FlorĂž. Salspris: 614.000,- Blokkleilegheit med fellesgjeld, bygt 2015. 73 kvadrat.

1. Kalvedalsvegen 1, FlorĂž. Salspris: 770.000,- Blokkleilegheit med fellesgjeld, bygt 2015. 73 kvadrat.

3. Skudalsvegen 2, FlorĂž. Salspris: 1.022.063,- Blokkleilegheit i burettslag.

4. Strandgata 16, FlorĂž. Salspris: 1.025.000,- Blokkleilegheit i burettslag.

5. Krokastubben 12, FlorĂž. Salspris: 1.190.000,- Rekkehus i burettslag, bygt i 2006.

6. Dyreholtvegen 15, FlorĂž. Salspris: 1.225.000,- Rekkehus i burettslag, bygt i 2002.

7. Hans Blomgate 17, FlorĂž. Salspris: 1.240.593,- Leilegheit i burettslag, bygt i 1993. 121 kvadrat.

8. Havrenesvegen 43, FlorĂž. Salspris: 1.250.000,- Rekkehus i burettslag. 72 kvadrat.

9. Strandgata 36, FlorĂž. Salspris: 1.290.000,- Leilegheit i burettslag. 46 kvadrat.

10. Hans Blomgate 17, FlorĂž. Salspris: 1.305.200,- Leilegheit i burettslag. Bygt i 1993. 116 kvadrat.

đŸ·ïž Extracted Entities (21)

Kinn (entity) Einebustad (place) FlorÞ (entity) Leilegheit (entity) Blokkleilegheit (entity) Rekkehus (entity) Auklandsvegen B (person) BrendÞyvegen A (person) Eikefjord (place) Hans Blomgate (person) Kystmuseet (entity) SvanÞy (place) BrandsÞyvegen C (person) Eldre (entity) Furuhaugane (entity) G. R (person) LeilegheitpÄ (entity) Markegata (entity) Nordre Instetunet (person) Raudeberg (place) Tomannsbustad (place)