Herold

Fleirtalet av Trolltunga-turistane betalar ikkje for organisert overnatting

Plus
Kilde: HF Author: Kristin Eide Published: 2026-01-04 00:20:00
Fleirtalet av Trolltunga-turistane betalar ikkje for organisert overnatting

Medan reiselivsnæringa er i vekst, så er delen av turistane som sjekkar inn på hotell redusert frå kring 60 prosent i 2019 til om lag 35 prosent i 2024–2025. Ei ny gjesteundersøking frå Trolltunga viser at under halvparten av besøkjande der budde på hotell eller på ein organisert campingplass.

– 2025 vart nok eit vekstår med klar vekst både målt i antal kommersielle overnattingar og ikkje minst i verdiskaping/omsetning per gjest. Det sistnemnde er eit mykje viktigare mål enn antal gjester som kjem til regionen, innleiar Andreas Skogseth.

Han er CEO for Visit Hardangerfjord og jobbar mellom anna med forretningsutvikling og strategi. Skogseth understrekar at dei jobbar for auka lokal verdiskaping per gjest, kontrollert vekst og eit berekraftig reiseliv.

Dette var også tema då Visit Hardangerfjord i fjor haust inviterte innbyggjarane til fleire møte for å koma med sine tankar og innspel om ein ny regional reiselivsstrategi for Hardanger. På møtet i Tyssedal var det fleire som trekte fram at dei ikkje ønskjer å verta ein «Disney-versjon av Hardanger».

Dette sa bygdene på folkemøta

Innbyggjarane ønskjer levande lokalsamfunn, lokale arbeidsplassar og møteplassar, og Skogseth legg til at fleire peikte på at betre styring, tydeleg informasjon og god koordinering er heilt avgjerande for å få dette til. Hardanger Folkeblad intervjua nyleg Arve Våde, som meiner at tolegrensa for innbyggjarane og naturen kring Tyssedal er nådd med tanke på turistar.

– Det er rom for fleire turistar

– Det er rom for fleire turistar. Det er stressområde som vi må vera bevisst på, og dette skal reiselivsstrategien adressera, seier Skogseth.

– Det handlar ikkje om å pressa volumet opp. Det handlar om å skapa næring

Han viser til at statistikken syner at området framleis er veldig sesongbasert, men meiner det er positiv utvikling i regionen med stadig nye sterke reiselivsprodukt som er tilgjengeleg hele året. Samstundes peiker Skogseth på at ting som betre infrastruktur og transporttilbod heile året står att.

– Auka etterspørsel heile året, inkludert høgsesongen, bidrar til auka betalingsvilje og lokal verdiskaping. Dette gir grunnlag for investeringar i reiselivsnæringa og auka kvalitet, som igjen styrkar regionen som heilskap, kommenterer Skogseth.

Gratis eller Airbnb

Samanlikna med 2019, som var året før korona-pandemien sette det meste på vent, har Hardanger hatt ei markant forskyving i overnattingsmiks. Delen av dei som sjekkar inn på hotell er redusert frå kring 60 prosent i 2019 til om lag 35 prosent i 2024–2025, medan volumveksten i hovudsak har kome innan camping, hytte, bubil og andre fleksible overnattingsformer, delvis på grunn av kapasitet i høgsesong og delvis på grunn av vekst frå Europa etter pandemien

«Gjesteundersøkelsen fra Trolltunga i 2025 viser at kun 18 % av de besøkende benytter hotell og 27,5 % benytter organisert campingplass/hytte. Resten fordeler seg på privat overnatting, Airbnb, gratis telt- og bobilplass eller rene dagsbesøk.», melder Visit Hardangerfjord på sine heimesider.

Meiner stien toler 2000 om dagen, men på Trolltunga er 1500 perfekt

– Tyder dette på at dei som besøkjer Trolltunga legg att mindre pengar i regionen enn ein kunne ønska?

– Det er vanskeleg å trekka ein bestemt konklusjon om dette, saka er kompleks. Regionen har hatt jamn vekst, mest i høgsesong, med auka press på kapasitet på f.eks. hotell i Hardanger, svarar Skogseth i ein e-post til Hardanger Folkeblad.

Betalingsvilje

Her legg han til at aktivitetsleverandørane, som er dei som leverer guida turar til Trolltunga, opplever god vekst og auka betalingsvilje for godt tilrettelagde opplevingsprodukt av høg kvalitet. På bakgrunn av dette meiner Skogseth at mange av dei besøkande til Trolltunga har høg betalingsvilje.

– Samtidig har vi hatt ei endring av type segment etter pandemien, kor vi har sett ein stor auke i antal gjester frå Europa. Dette fell saman også med auka andel besøkande på camping, bubil, telting og liknande, medan dei oversjøiske marknadane er fortrinnsvis på hotell og Airbnb, forklarar han vidare.

Samstemte om utfordringane: – Fører til frustrasjon

Denne trenden er samstundes noko Visit Hardangerfjord er bevisste på, og som dei vil undersøka vidare. Både dei og Trolltunga AS jobbar for å motivera Trolltunga-turisten til å verta lengre i regionen, slik at det vert auka lokal verdiskaping og berekraft per gjest.

– Samtidig må vi treffe rett segment. Guideaktører som Trolltunga Active og Trolltunga Adventures jobbar aktivt med sesongforlenging og leverer sterke produkt både i tilknyting til Trolltunga og i Hardanger-regionen generelt som skaper meirsal og auka verdiskaping, avsluttar Skogseth.

Får 200 000 av kommunen i to år: – Viktig for konkurranseevna framover

🏷️ Extracted Entities (9)

Trolltunga AS (organization) Andreas Skogseth (person) Visit Hardangerfjord (person) Airbnb (entity) Europa (entity) Tyssedal (place) Arve Våde (person) Trolltunga Active (person) Trolltunga Adventures (person)