Herold

Andrea (19) trudde karriera var over: Tre månadar seinare tok ho EM-gull

Plus
Kilde: Nettavisen Author: Mathias Bror Brattvoll Published: 2026-01-03 22:23:35
Andrea (19) trudde karriera var over: Tre månadar seinare tok ho EM-gull

– Eg tenkte at det ikkje skulle vere mogleg å fortsette, tenkte Andrea Nygård Vie då ho fekk diagnosen.

(BA) I mai var Nygård Vie midt i årets mest hektiske periode. Om tre månadar skulle ho delta i Junior-EM i friidrett i Finland, samstundes som ho sto midt oppe i sin første eksamensperiode som medisinstudent i Bergen.

3000 meter hinder-talentet kjente sjølv at ho var meir sliten enn normalt, men avskreiv det som eksamensstress.

I same periode deltok ho i eit løp der kroppen fungerte fint.

– I dagane etterpå merka eg at eg var ekstremt tørst. Det var første gong eg la merke til symptom, seier ho til BA.

Nokre dagar seinare var ho på treningstur i Fjellveien med ei venninne, noko ho hadde gjort mange gongar før. Men denne gangen var det noko som ikkje stemte.

– Eg hugsar eg sa til henne at eg var veldig sliten og hadde null energi.

– Tenk om eg har fått diabetes? sa ho til venninna.

Ernst A. Lersveen: Morfar utelatt: Tror tydeligvis at Johannes Høsflot Klæbo juger

Skulle ikkje vere mogleg

– Ikkje tull med sånt, var svaret ho fekk.

Men det var ikkje tull. Rett etter treninga drog ho til legekontoret og bad om å få måle blodsukkeret. Sjølv hadde ho starta på medisinstudiet og kjente igjen symptoma.

– Det eg tenkte, var at eg skulle inn for å avkrefte den mistanken eg hadde, men eg skjønte at det var noko gale.

Etter at blodsukkeret blei målt, blei ho sendt rett til Haraldsplass, der ho blei liggjande i ei veke. Diagnosen var diabetes type 1.

Diabetes type 1

– Det kjipaste var at eg ikkje fekk lov til å trene, ler ho, før alvoret kjem tilbake.

– Eg tenkte først at det ikkje kunne stemme, men etter kvart innsåg eg at det faktisk var sant. Det tok ei stund å akseptere det.

– Tenkte du at karrieren var over?

– Eg tenkte at det ikkje skulle vere mogleg å fortsette.

Den tanken sat i ei stund. Då ho hadde si første treningsøkt etter å ha blitt skriven ut, blei frykta for at karrieren var over, forsterka.

– Det første eg gjorde etter at eg blei skriven ut, var å dra rett på ei fellestrening. Der måtte eg bryte halvvegs i ei økt på 400 meter. Eg hugsar at eg var helt knust og sat og gråt på benken. Tanken på at eg måtte handtere dette resten av karrieren, var for tung.

Andrea Vie sitat

Oppturen

Men så feil kan ein ta. Nygård Vie har ein styrke ikkje så mange andre kan måle seg med: Innstillinga, arbeidsmoralen og motet hennar er unikt.

Kort tid etter at ho fekk diagnosen, bestemte ho seg. Ho skulle ikkje la sjukdommen knekke henne.

– U23-EM var det store målet for sesongen, og trass i diagnosen tenkte eg at eg måtte gi det eit forsøk.

I perioden som følgde trente ho godt og stilte til start i fleire løp.

– Det blei nokre dritløp og nokon gode løp, men etter kvart skjønte eg at det gjekk fint. Eg vil ikkje la dette stoppe meg frå å nå måla mine, seier ho til BA.

Den einaste forskjellen frå tidlegare var at ho måtte ta meir omsyn undervegs i treninga.

– Eg måtte berre finne ut kva som fungerte for meg. Eg har hatt nokre økter der alarmen har gått, men eg merka at det begynte å gå seg til. Eg følte meg ikkje så «drit» som eg gjorde i starten.

– Kva er forskjellen i treningskvardagen din no?

– Eigentleg ingenting. Eg er blitt flinkare til å ha med meg næring på øktene, men elles trener eg like mykje – om ikkje meir.

Henrik Heldahl: Denne mannen vil alle kvinner ha – og sju andre ting vi lærte i 2025

– Det har ikkje gått opp for meg

Tre månadar etter sjukehusopphaldet på Haraldsplass, tankane om karriereslutt og sjokket over diagnosen, stod U23-EM for tur. Dette meisterskapet hadde vore det store målet for sesongen både før og etter at ho fekk diabetes.

Sjølv om ho visste at ho stilte sterkt, med den beste tida i feltet, var det likevel eit stort usikkerheitsmoment.

– Eg visste at eg kunne prestere om alt stemte og blodsukkeret var fint, men eg veit også at eg får høgt blodsukker når eg er nervøs. Det handla meir om stresshandtering enn insulinhandtering for min del. Målet mitt var å takle nervane.

– Såg du føre deg at gull var ei moglegheit?

– Eg hadde et håp om å ta medalje, men gullet … seier ho og drar litt på det.

– Ein må alltid sette seg mål. Utan det kjem ein ingen veg, så det var absolutt draumen då eg drog dit.

Og draumen blei verkeleg. Med tida 9.51,72 blei ho europameister på 3000 meter hinder.

Tre månadar i tidlegare hadde ho ikkje i sin villaste fantasi sett føre seg at ho skulle reise heim frå Finland med edelt metall.

– Aldri i livet. Den første tanken då var berre å klare å jogge 20 minutt utan å vere helt utsliten.

Sjølv eit halvt år seinare har det framleis ikkje gått opp for henne.

– Det gjer kanskje det ein dag. Men når eg går forbi medaljen heime, tenker eg framleis: Er den verkeleg min?

Draumen

I tillegg til full satsing mot OL 2028, eit ferskt EM-gull og ein kvardag som toppidrettsutøvar, studerer Nygård Vie medisin. Die fleste tenker kanskje at det høyrast ut som ein ekstremt hektisk kvardag, men svaret hennar overraskar.

– Eg blir litt overraska over kor mykje fritid eg faktisk har!

Forklaringa er at ho tidlegare budde i Alver og pendla til byen for å gå på vidaregåande. Nå har ho flytta til byen.

– Samanlikna med det har eg mykje meir tid no. Eg brukar ikkje tre timar på bussen kvar dag.

Ein normal dag startar med trening klokka 07.00. Deretter ber det rett på skulen, der ho stort sett sit til neste treningsøkt startar mellom 17.30 og 18.00.

– Eg føler mange trur at medisinstudentar sit og les frå dei står opp til dei legg seg. Det er kanskje realiteten for mange. Men det er fleire toppidrettsutøvarar som har studert medisin, og eg trur kanskje vi er litt ekstra gode til å prioritere tida vår.

Sjølv har ho fått ei helt spesiell innstilling til sin egen diagnose etter at ho begynte på studiet.

– Eg er innstilt på at det kan bli vanskelegare å handtere seinare sidan eg framleis har litt eigenproduksjon av insulin. Men altså, eg synest det er litt spennande å ha diabetes. Eg kan forske litt på eigen kropp, ler ho og held fram:

– Eg skulle sjølvsagt gjerne vore det forutan, men med tanke på studiet og interessene mine skal eg klare å handtere dette.

I sesongen som kjem er målet EM i Birmingham, men to år seinare kjem det store målet: OL i Los Angeles.

– Det er draumen, om alt går på skjener. Eg har veldig lyst. Når eg har bestemt meg for noko, så vil eg få det til, seier ho.

Forskjellen på henne og mange av konkurrentane, er at Nygård Vie skal gjennomføre andre og tredje året på medisinstudiet samtidig som ho jakter OL-billett.

📰 Same Event Coverage (1 articles)

These articles appear to cover the same news event, detected by different methods:

🏷️ Extracted Entities (16)

Andrea Nygård Vie (person) EM (entity) Finland (place) Haraldsplass (entity) OL (entity) Alver (entity) BA (entity) BA. Den (organization) BA. Nokre (organization) Bergen (entity) Birmingham (place) Fjellveien (entity) Johannes Høsflot Klæbo (person) Junior-EM (entity) Los Angeles (place) U23-EM (entity)