Positive trendar frå 2025: Dette vil vi sjå meir av i 2026
Eitt år forbi. Her er lyspunkta frå 2025 som skravleklassen tek med seg inn i eit nytt år.
Dronemur, leseskam, audestad og eit fåmannsvelde av tekoligarkar som monopoliserer og koloniserer sinna våre.
Lista over årets nyord frå Språkrådet gav ny ammunisjon til dei som meiner at natta senkar seg.
Sjølv julesongane og julekalendrane er visst deprimerande.
Som ein innsendar i Aftenposten spør: Kor blei det av kunsten å lage glade julesongar?
Til liks med dei andre annus horribilis-årene på 20-talet har 2025 vore prega av krig og sabelrasling, og romjula kan kalle på vemodet hos nokon kvar.
Men årsskiftet er også tida for å bere lykter.
NRK har difor spurt eit utval samfunnsdebattantar om kva for ein 2025-tendens dei vil sjå meir av i 2026.
Kvifor går dei inn i det nye året med friskt mot– trass alt?
Svara spriker alle vege, men kan samanfattast slik:
- Naturvern er tilbake på dagsorden!
- Det gule rosetoget til minne om Tamima Nibras Juhar!
- Det norske herrelandslaget i fotball!
- Auka boksal!
- Oppgjeret med skjermbruk («avlogging har blitt great again»)!
- At sosialisten Zohran Mamdani vann ordførarvalet i New York!
- Folk har blitt mindre materialistiske!
- Fornybar energi dytter kol ut av kraftmiksen!
- EU-landa blei einige om 90 prosent mindre klimagassutslepp innan 2040!
- Kristendommen gjer comeback!
Vi tenner lyktene våre når det mørknar
Ordførar i Gloppen, Arnar Kvernevik (Ap), minner om at «melankoli og glede heng saman som hand i hanske».
– Eg håpar 2026 blir eit år der vi i enda større grad enn før satsar på fellesskap og tru på framtida, seier han.
– At håpet viser seg i handling.
Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk gler seg over straumen av unge menneske som søkar til kyrkjene:
– Eg håpar trenden med at menneske finn fram til kristen tru, vil fortsette i 2026. Det har vore ei knippe høgprofilerte kristne omvendingar det siste året. Det gir håp!
Det same gjer Asle Toje i Nobelkomiteen.
– Fleire menneske finn eit ankerfeste i kristentrua. Ikkje som identitetsmarkør eller politisk verktøy, men som eksistensiell forankring, seier han.
– I ei tid der mykje blir opplevd flytande, gir trua språk for plikt, håp, skuld og nåde – størrelsar som ikkje lèt seg erstatte av slagord.
– Meir positiv naivitet og kraft til å forme verda vi ønsker oss
Gunnar Bovim (65) kunne fort blitt motlaus.
Tidlegare i år fekk han den «umoglege oppgåva» med å leie Helsereformutvalget, som skal finne ut av korleis Noreg kan skaffe nok hender i helsestellet når eldrebølga set inn.
Tala og framskrivingane kan ta luven frå dei fleste, men når han kastar eit blikk ut av vindauget går han på med ny giv:
– Ungane i nabolaget der eg bur speler fotball, går til skolen, tullar og skråler på. Meir av det, håpar eg på. Meir ungdommeleg begeistring, meir positiv naivitet, meir fokus på kva verd vi ønsker oss. Meir kraft til å forme henne slik.
– Det er lov å drøyme. Heldigvis. Det er lov å drøyme.