Ny bok frå forfattar med Vaksdal i blodet
Plus
Ho deler namn med farmor si og har djupe røter på Vaksdal. No haustar anestesisjukepleiar og forfattar Kristi Furubotn gode kritikkar for sin femte roman, Glassmaneter.
For Kristi Furubotn har Vaksdal alltid vore ein viktig base. Sjølv om ho i dag bur i Stavanger, var barndommens feriar fylte med slekt, søskenbarn og besøk hjå besteforeldra, Kristi og Elias Furubotn. Seinare flytta foreldra hennar, Else og Jørgen, tilbake til det same huset som pensjonistar. Ringen vart slutta då Kristi etter kvart kunne ta med eigne barn på besøk til dei same traktene.
Når fageksperten blir pasient
I den ferske romanen Glassmaneter møter lesaren Alva. Ho får den tunge beskjeden om at ho har livmorhalskreft og må opererast ved Kvinneklinikken i Bergen. Alva er, som forfattaren sjølv, spesialsjukepleiar innan anestesi og operasjon. Ho kjenner systemet frå innsida. Kanskje litt for godt.
- Alva veit alt om kva som kan gå gale. Ho kjenner til alle komplikasjonane som kan oppstå, fortel Furubotn.
Dette skaper eit særskilt spenningsfelt i boka. Som pasient byrjar Alva å analysera menneska ho møter i kvit frakk. Har legane og sjukepleiarane ein god dag? Har dei sove nok, eller er dei utbrende? Lesaren må sjølv vurdera korleis frykta påverkar dømmekrafta hennar.
Ein erfaren penn
Furubotn skriv med tyngd. Dette er hennar femte bok, og ho har over 40 års erfaring som spesialsjukepleiar ved Stavanger universitetssjukehus (SUS). I tillegg har ho arbeidd ved sjukehus i både Kairo og på Vestbreidda.
Boka fekk gode ord i Stavanger Aftenblad. Meldar Tarald Aano skildra utgivinga som «Ein vakker liten roman om svære ting og vanlege liv».
Filosofi og humor
Sjølv om tematikken er alvorleg, understrekar forfattaren at boka er både lett og lys, med humoristiske undertonar. Romanen hentar inspirasjon frå den danske filosofen Knud Løgstrup.
- Løgstrup var oppteken av at menneske høyrer saman og påverkar kvarandre, anten vi vil eller ikkje. Han la stor vekt på den frie talen, er å «tale ut», seier Furubotn.