Herold

Snøen som fall i fjor

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Aage Kvendseth, Bremanger Published: 2026-01-03 15:56:00
Snøen som fall i fjor

Snø er liv. Snø er alt noko kvitt og mjukt eller omforma til is, ja, til tusenvis av overgangsformer før den på nytt vert til vatn, som er fundamentet for liv. Kven tenker på det når vi er barn, når vi var barn? Snø var eit element å leike med – leike i – ofte i månad etter månad i den mørkaste årstida og ei tid etterpå. Slik er det ikkje lenger, for snøen er på sakte veg vekk og med den isen.

Okjökull på Islandhar alt fått sin minnestein – og mange andre isbrear på øya forsvinn. Dette skjer i fleire land i mest alle verdsdelar, inklusive den vi tilhøyrer, til dømes i Alpane og i Spania sine høgfjell, men og i Asia og i Nord- og Sør-Amerika. Snøen og isen har i tusenvis av år gitt livsgrunnlag med smeltevatnet sitt til store menneskemengder. Eitt er sikkert: Dei fleste brear vil vere vekke før neste tusenårsskiftet, og mange lenge før det om oppvarminga held fram. Hava stig når is på Grønland og Antarktis smeltar. Tenk at det skjer i vår tid!

Eg studerte geografiein gong i byrjinga av 1970-talet. Lærebøkene i naturgeografi var tjukke og innhaldet både spanande og krevjande. Men dei hadde ikkje eit ord om klimaendringar knytt til vår tid som vi i dag kallar «Mennesket sin tidsalder» (Antropocen). Tenk det! Vi har dei siste hundre åra gradvis gjort jorda varmare ved våre forbrenningsprosessar mellom anna av kol, olje og gass ved utslepp av CO2. Sola sin varme kan vi ikkje gjere noko med. Berre utsleppa våre. Der ligg håpet for snøen om vi handlar i lag på denne kloden.

sitat snø

Lenge las viat til og med vitskapsfolk reklamerte for den positive effekten av oppvarminga. Vi skulle kunne dyrke meir mat, nye produkt lenger mot nord, få meir behageleg klima og betre badetemperatur i sjøen. Men det var røyster imot, som peika på ei meir alvorleg utvikling. Dei vart lite lytta til av styresmakter og folk flest. Vi vil vel helst berre sjå det vi ønskjer skal vere fakta og ha økonomisk forbruksvekst så lenge det går.

Men i dag er jo ikkje stoda slik. I dag ligg umotseielege fakta på bordet, på PC-en, hos styresmakter, politiske parti og hos oss innbyggjarar med eller utan røysterett. Det er alvorleg for oss alle det som er på gang.

Snøen smeltarog isen forsvinn, livsgrunnlaget for milliardar av menneske og anna levande er no i stor fare, anten nedsmeltinga skuldast x eller y. Den smeltande eller manglande snøen sender ei klår melding: Gjer det de kan for at nye generasjonar skal få sjå eit snøflak danse ned, ja, tusen på tusen, leggje seg på bakken, på alt, og farge alt kvitt, heilt lydlaust, reflektere det vesle lyset som er og lage ei draumeverd for oss alle når det er vindstille og vi står i glaset som barn og ser ut.

Små og store diamantar,skjøre snøkrystal, frose vatn frå høgt over hustaka våre, legg seg lag på lag der ute og innbyr store og små til tallause fritidsaktivitetar. Kven er dei barna som vil ha grøne vintrar? Kva skal vi seie til dei om kvifor vi har smelta vekk snøen? Skulde på...?

Meg sjølv.Eg har til dømes køyrt bensin- og dieselbilar frå eg var atten år til eg var om lag sytti år. Eg har sete i fly til andre kontinent og på kryss og tvers i vårt eige, og eg flyg enno – om enn sjeldan no.

Det første snøfallet skal ha komme for to og ein halv million år sidan – då det første kontinentet, Pangea, byrja kjølne. Dei eldste skia som er funne er frå før Stonehenge vart til, truleg 5000 år før vår tidsrekning, for å kunne gå lettare på djup snø.

Skia mine er gamle no.Ski har eg brukt flittig sidan eg fekk det første paret i barndommen. Vi var ein familie som hadde hytte i fjellet den gong. Dit kom vi oss berre på ski om vinteren. I 2025 var det på nytt bart i området der i jula. Vi måtte, då eg var ung, ofte grave fram hyttedøra og måke av taket heile vinteren. Noko har endra seg, noko som og endrar liva våre, om vi må leve utan snø, dei som har boltra seg i den som barn.

Englane i snøen ser ut til å døy ut. Det er som snøsorga sig på – sakte – år for år. Samane hadde tre hundre ord for snø. Snart har vi færre att vi og. Men enno vil vi sjølvsagt i mange år sjå snø på bakken. Klimaendringane skjer gradvis. Vi legg alle godt merke til dei. Vi dyrka fram fem hundre blå druer utandørs på Davik i år.

Vil du ha vitskapelege, solide fakta, les den opplysande og nytenkande boka «SNØ – a history» (engelsk utgåve) av Sverker Sörlin (2025) som har teke verda med, ja, (snø-)storm! Sörlin, oppvaksen i Nord-Sverige, er professor i miljøhistorie og gir oss vaksne ei lesaroppleving – snøenglar som vi ein gong var – og som no er ein raudlista art. Boka er ei kjærleikserklæring til snøen som i mengde er halvert på den nordlege halvkule sidan eg vart fødd rundt 1950.

Seniorkraft

Biologisk mangfald i Bremanger kommune

Hortulanen – «han som lever i hagar»

🏷️ Extracted Entities (16)

Alpane (entity) Antarktis (entity) Antropocen (entity) Asia (entity) Bremanger (entity) CO2 (entity) Davik (place) Grønland (place) Nord (entity) Nord-Sverige (entity) Pangea (entity) Snø (entity) Spania (entity) Stonehenge (entity) Sverker Sörlin (person) Sør-Amerika (entity)