Herold

Flott skøyteis på Lønavatnet og Vetlavatnet

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marit Folkedal Lussand Published: 2026-01-03 13:00:00
Flott skøyteis på Lønavatnet og Vetlavatnet

Kulden i det siste har laga fin is på nokre av vatna og slik såg det ut 30. desember 2025, med ca 10 cm trygg is på Lønavatnet ved Saue camping og Vetlavatnet på Voss.

No dei siste dagane har det lagt seg ei kvitt lag med snø på isen, så no kan du også gå på ski på han. Vil du skøyta må du nok måka litt skøytebane no.

Når du går på isen må du alltid sjekka tjukna med ei øks eller ein isbor. Ha alltid med ispiggar på deg dersom du går gjennom for å få det opp att. Det er alltid utrygg is ved elvar sine inn og utløp. Det er lurt å vera i lag med nokon dersom du er på tur på isen.

Tekst/Foto: Sveinung Klyve

🏷️ Extracted Entities (7)

Lønavatnet (entity) Vetlavatnet (entity) Skøyteis 🏷️ (keyword) Skøyter 🏷️ (keyword) Voss 🏷️ (keyword) Saue (entity) Voss (entity)

📊 Metadata

Keywords: Skøyter, Voss, Skøyteis