Herold

Godtgjersle for folkevalde – om kontroll, tillit og dobbel dekning

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Ludvig Langedal, Eikefjord Published: 2026-01-03 12:41:07
Godtgjersle for folkevalde – om kontroll, tillit og dobbel dekning

I 2019 vedtok Flora bystyre satsar for telefongodtgjersle i tillegg til satsane for møtegodtgjersle, styreverv, frikjøp og gruppeleiargodtgjersle, fastsett gjennom eigne rammer og retningsliner, gjeldande for Kinn 2019-2023.

Slik godtgjersle er i utgangspunktet både nødvendig og velfortent. Skal ein ta på seg ombod på vegner av innbyggjarane, må ein også få rimeleg kompensasjon. Det er likevel viktig å vere klår på at dette er godtgjersle – ikkje løn.

Godtgjersla for telefonvar fastsett slik: Kommunestyremedlem og 1. vara fekk 1 500 kroner årleg, medan formannskap, hovudutvalsleiarar, utvalsleiarar og gruppeleiarar fekk 3 000 kroner årleg.

Ordninga vart avvikla frå 2024, men i perioden 2019–2023 utgjorde samla telefongodtgjersle i overkant av 500.000 kroner. For dei mest sentrale folkevalde innebar dette utbetalingar på 7500–15.000 kroner over perioden.

Kvifor hengje seg opp i dette?Fordi kommunelova har klare føringar: Utgiftsdekningar skal dekke reelle utgifter. Mange folkevalde hadde utan tvil reelle telefonutgifter. Men kva med dei som hadde fri telefon betalt av arbeidsgivar? Hadde dei då reelle utgifter – eller burde dei ha takka nei til godtgjersla for å unngå dobbel dekning?

Ingen av dei som har motteke telefongodtgjersle, har gjort noko ulovleg. Årsaka er enkel: Kommunen har ikkje oppfylt si kontrollplikt, som skal liggje til grunn for alle utbetalingar – særleg der kommunen sjølv heilt eller delvis dekkjer dei same utgiftene. Dette gjeld mellom anna tilfelle der kommunen betaler telefongodtgjersle samstundes som kommunen eller arbeidsgivar dekker telefon fullt ut.

Ved bruk av – for somme upopulært – innsyn, var det enkelt å kartleggje kven som mottok kva. Resultatet var tydeleg: Alle parti, unnateke 2, hadde folkevalde som mottok dobbel godtgjersle.

Ein spørjerunde avdekte mykje: Dårleg hugs, sløvheit, bortforklaringar og i fleire tilfelle tausheit. Her er nokre av svara som kom:

«Uansett så har jeg oppgitt alt av inntekter ifm skatteoppgjør … og ser ikke det som en plikt for meg å opplyse noe mer detaljer om dette til privatpersoner.»

«Eg meiner dette er avisabonnement dei nye folkevalde i Kinn fekk i 2020 … Eg trur dette var inntektsført som telefongodtgjersle.»

«Ingen ytterligere kommentar til telefongodtgjørelsen, den har jeg ikke søkt om, og spørsmålet må evt rettes til kommunen.»

«… det var ein periode vi fekk utbetalt ein sum for å halde oss med eigen PC/nettbrett … Dette var påkrevd i samband med pandemien.» Oppfølgingsspørsmål: Pandemien kom vel først seinare? «… eg har ikkje tenkt å gjere meir med dette.»

«Når det gjelder telefon så tipper eg på at eg hadde telefon gjennom jobben … kan hende eg husker feil.»

«Er vel penger vi ikkje burde fått, kanskje.»

«… den linja er ikkje relevant for min del, då eg allereie har fri telefon.»

Fire folkevaldesvara ikkje, trass i minst to purringar og førespurnader til arbeidsgivar. Nokre er ikkje spurde fordi dei ikkje lenger er folkevalde. Til opplysning: Kjøp/bruk av eigen PC/nettbrett vart godtgjort særskilt med 4000 kroner, gjennom eiga ordning.

Denne saka handlar i liten grad om beløp. Ho handlar om svake eller manglande kontrollrutinar, rolleforståing, moral og framfor alt: tillit. Tillit til at fellesskapets midlar blir forvalta korrekt – også når ingen ser etter.

🏷️ Extracted Entities (4)

Dårleg (entity) Flora (entity) Kinn (entity) PC/nettbrett (entity)