Skulen treng tillit og ressursar – ikkje meir sortering
Plus
Det er gledeleg å lesa innlegg i avisa frå ungdom som engasjerer seg i politikk og skule. Det er eit sunnheitsteikn for både demokratiet og skulen vår. Slike innlegg fortener å bli tekne på alvor og møtte med sakleg debatt.
Eg skriv dette med bakgrunn i 16 år som skuleleiar. Det gir ikkje fasitsvar, men erfaringar og perspektiv frå ein skulekvardag der ein stadig må balansera omsynet til den enkelte elev med omsynet til fellesskapet.
Trym Nybø peikar på at mange elevar ikkje opplever meistring i dagens skule, og det er eit poeng det er lett å kjenna seg att i. Likevel kjenner eg meg ikkje heilt att i beskrivinga av skulen som eit system som pressar alle gjennom «same trakt».
Norsk skule treng eit nytt løft
Lærarar eg har jobba med, har gjennomgåande vist stort engasjement for å tilpassa undervisninga til elevar med ulike behov. Utfordringa har oftare vore manglande tid, folk og ressursar enn manglande vilje.
Nivådeling blir løfta fram som eit mogleg verkemiddel for å skapa meir meistring. Intensjonen bak dette forslaget er forståeleg, men eg meiner det er grunn til å vera varsam. Når elevar blir delte inn etter nivå, er det ein risiko for at gruppene blir meir faste enn tenkt, og at forventningane til enkelte elevar gradvis blir lågare. Det kan påverka både motivasjon og sjølvtillit over tid.
Det er også viktig å peika på at opplæringslova allereie gir skulen handlingsrom. Elevane skal høyra til éin klasse og ha mesteparten av opplæringa der, nettopp for å utvikla sosial samkjensle.
I tillegg opnar lova for at elevar kan delast i mindre grupper i avgrensa delar av opplæringa, også etter fagleg nivå, når det er pedagogisk nødvendig og til beste for elevane. Etter mi vurdering gir dette ein klok balanse mellom tilpassing og fellesskap, utan å låsa elevar fast i varige nivå.
Skulen er også ein sosial arena. For mange elevar er fellesskapet i klasserommet ein viktig føresetnad for trivsel og læring. Eit klasserom prega av mangfald kan vera krevjande, men det er også ein styrke – og ein verdi me bør vera varsame med å svekkja.
Når me snakkar om fråfall, særleg i overgangen til vidaregåande skule, er det viktig å sjå breiare på årsakene. For mange handlar det ikkje berre om fagleg nivå, men om psykisk helse, læringsmiljø og om dei opplever å bli sette og følgde opp i tide. Tidleg innsats, individuell tilrettelegging og trygge vaksne rundt elevane er avgjerande for å førebyggja fråfall. Dette krev først og fremst betre ressursar til skulen, ikkje meir sortering av elevar.
Eg deler ønsket om meir praktisk læring og fleire meistringsopplevingar. Etter mi vurdering føreset dette betre ressursar og større tillit til lærarane, slik at tilpassinga kan skje innanfor fellesskulen.
Etter mi erfaring som tidlegare skuleleiar er fellesskulen, med sitt mangfald, noko av det viktigaste me har. Løysingane bør byggja vidare på dette, heller enn å dela elevane meir enn det som er naudsynt.