Røykutvikling på ferje
Plus
Det skal ikkje vera observert flammar.
Klokka 17:37 fekk politiet melding om røykutvikling på ferje ved Vangsnes ferjekai.
– Ingen bilar om bord. Naudetatane er på staden, skriv operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i loggen.
Operasjonsleiaren opplyser seinare at det berre er snakk om røykutvikling, og at det ikkje har vore synlege flammar. Lufting pågår.
Norled og vegvesenet melder at rute B på Vangsnes – Hella – Dragsvik er innstilt som følgje av hendinga.
– Det har vore røykutvikling i eit tavlerom. Me har to røykdykkarar som er nede og sjekkar no, seier vaktleiar Børre Brekkvassmo i 110 Vest til NRK.
🏷️ Extracted Entities (8)
Børre Brekkvassmo
(person)
Dan Erik Johannessen
(person)
Dragsvik
(place)
Hella
(entity)
Ingen
(entity)
NRK
(entity)
Vangsnes
(place)
Vest
(entity)