Herold

Vi veit at det vil bli eit kunnskapsrikt og godt nytt år!

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Kristin Bratland, Toya Hatledal og Trude Hessvik-Trøite, grunneigarar i Hessvika Published: 2026-01-02 18:11:00
Vi veit at det vil bli eit kunnskapsrikt og godt nytt år!

Vi veit at kommunestyret i Bremanger på rekordtid har behandla saka om ammoniakkfabrikk på Holmaneset på nytt. Vi veit at sist vart vedtaket oppheva fordi det ikkje vart gjort sjølvstendige vurderingar etter naturmangfaldslova.

Vi veit at ammoniakk er eit svært giftig stoff både for menneske og natur. Vi veit at ved bruk av ammoniakk i stor skala vil drivhusgassen N2O bli sleppt ut, vi veit det ikkje er teknologi for å unngå dette utsleppet per i dag, og vi veit ikkje korleis lokale utslepp vil påverke regnskogen i nærleiken av Holmaneset. Vi veit at N2O er 300 gongar meir skadeleg enn CO2. Vi veit at marknaden for ammoniakk som drivstoff til skip per i dag er ikke-eksisterande, mykje fordi prisen på grøn-ammoniakk er 4-5 gongar høgare enn alternativa.

Vi veit at Tennøyane naturreservat blir liggande som næraste nabo til ammoniakkfabrikken. Vi veit at det vil bli fakling med lys og lyd over 110 decibel som vil påverke fuglelivet på Tennøya. Vi veit at hekkesuksessen til fugl blir påverka av lysforureining og støy, og vi veit at lys og lydforureining påverkar livet i vatn og livskvaliteten til menneska rundt eit slikt anlegg.

Vi veit at skipstrafikkenforbi Tennøyane vil auke, skipstrafikk som alt er strengt regulert mellom Leirvikneset og Dyrstad-Langeneset grunna skjær og grunne. Vi veit at likevel vart det i alternativvurderinga vurdert som sikrare innsegling til Holmane enn til Smørhamn slik at Holmane vart vurdert som eit betre alternativ. Vi veit og at denne alternativvurderinga som ein skal lage etter Plan- og Bygningslova er konstruert av kommunen i ettertid.

Vi veit at Holmanesetscora høgt på tilgang til vatn i alternativvurderinga, høgare enn Ålfoten som har elv og vasskraftanlegg i nærområdet og der ein verken treng å legge sjøkabel eller sette opp eige anlegg for avsalting av sjø. Vi veit at Mattilsynet ba om ny høyring blant anna grunna vatn, men heller ikkje dei blei høyrt.

Vi veit at det er funne kulturminne både på Storeholmen og i Olavika, og vi veit at det er spor frå produksjon av arbeidsverktøy frå steinalderen, så Nordgulen kan skilte med at steinindustrien går tusenvis av år attende. Vi veit at det skal gjerast arkeologiske utgravingar av denne lokasjonen før bygging av ammoniakkfabrikken kan starte.

Vi veit at fylkesvegen forbi fabrikken, den einaste vegen til sjukehuset, vil bli stengt om det blir ei hending ved anlegget. Vi veit at denne vegen blei bygd over myr, og det er sagt at denne myra var botnlaus og at vegen derfor er lagt på tømmerstokkar, det vi ikkje veit er kva som skjer med vegen om myra rundt blir drenert. Vi veit at ved ulykker med ammoniakk er det tid fram til ein får helsehjelp som er avgjerande. Vi veit at minst 60 prosent av alle uønskte hendingar skjer under vedlikehald eller grunna menneskeleg svikt, berre i 2024 var det 148 ulykker med eksplosjon, sprenging eller brann og 399 med kjemikaliar, i tillegg har ein 3386 andre hendingar berre i 2024.

Vi veit at tryggleiker eit grunnleggjande behov for befolkninga.

Vi veit at i Svelgen er det anlegg som har blitt hacka. Vi veit at ROS-analysen om Holmaneset seier at risiko for utslepp etter hacking er moderat. Vi veit at ved eit eventuelt angrep på Noreg er det infrastruktur og energiinstallasjonar som blir peika ut som mål og åtaka blir gjort for å skape mest mogleg frykt i befolkninga. Vi veit at DSB no går ut og seier at ein må ha plan for evakuering av innbyggjarane ved ein krigssituasjon, kva med dei som bur i nærleiken? korleis får ein evakuert innbyggjarane på Nordsida når einaste vegen ut er stengd?

Vi veit at det ikkje er laga eit worst-case-scenario, til tross for at DSB har gått ut og sagt at grunna uroa i verda skal sannsynet takast for gitt. Vi veit det vart sett fram innbyggjararforslag med krav om ein heilskapleg vurdering av risiko, og vi veit kommunestyret avviste saka. Vi veit at kommunedirektøren ikkje la fram denne saka som eit innbyggjarforslag, slik han skulle gjort etter kommunelova. Vi veit at i eit velfungerande demokrati er det ein føresetnad at innbyggjarane føler seg høyrt og at politikarane held det dei lovar, viss ikkje får ein politikarforakt.

Vi veit at kommunedirektør og ordførar er politimeldt av Naturvernforbundet grunna FFI si fjerning av fleire hundre år gamle tre og andre øydeleggingar på Holmaneset. Vi veit ikkje om saka blir sett på som meir alvorleg dersom arealplanen ikkje blir vedteken, vi veit berre at politimeldinga ikkje vart nemnd med eit ord då saka var oppe i kommunestyret, men burde kommunedirektør og ordførar vurdert habiliteten sin om vedtaket i saka er avgjerande for kor alvorleg politisaka blir?

Vi veit at det var ordføraren som anbefalte Holmane som industriområde til tross for at lokasjonsstudia til FFI sa Ålfoten. Vi veit at Holmaneset aldri var ein del av lokasjonsstudien til FFI men kom inn etter at ordføraren viste til området.

Vi veit at i 2010vart delar av området på Holmaneset regulert til industri, med føresetnad om at det kun skulle være lettare industri. Vi veit at seinare har kommunen tatt avgjerd om at området ikkje ein gong kunne brukast til naustbygging, nettopp på grunn av dei høge naturverdiane.

Vi veit at verken ei naturkrise eller ei klimakrise blir mindre av å byggje ned endå meir natur eller å øydeleggje dei naturlege habitata for artsmangfaldet. Vi veit det kjem lov mot nedbygging av myr og at det er over 16 dekar myr på Holmaneset. Vi veit det er ein bekk på Holmaneset som ikkje er kartlagt og vi veit at myrbekkar i samband med myrer kan vær raudlista og at myra frå nyåret har same vern som strandsona.

Vi veit at KU meinerder ikkje er insekt på Holmaneset, men likevel er det nemnt at ståande og liggande daude tre i enkelte av områda på Holmaneset er viktig for hakkespett grunna ulike arter som bryt ned desse trea. Vi veit alle som er litt ute at det er flust med både flått, mygg, fluge og klegg rundt om i Nordgulen.

Vi veit at det er unik furuskog på Holmaneset, skog som kan være den einaste igjen av sitt slag på havnivå i Vestland fylke og at denne skogen har regionale naturverdiar. Vi veit at i samband med kartlegginga av område er naturverdiane i område blitt vurdert vesentleg større enn ein trudde i utgangspunktet. Vi veit at der er raudlista arter som furustokk-kjuke, vipe, skarv og spov i Holmane. Vi veit der er Kelo-gaddar også kalla sølvfuruer på Homaneset og at desse har ei leveringstid på 600-700 år.

Vi veit at det er fattig boreal regnskog i nærleiken til området på Holmane, vi veit at buffersona til regnskogen går heilt ned på industriområdet. Vi veit og at Statsforvaltaren i Vestland i 2025 seier at dei tilrår ei buffersone på opp til 150 meter for å redusere sannsynleg risiko for tap av artslokalitetar, og med bakgrunn i forskning og erfaringar så oppmoder Statsforvaltaren alle med aktivitetar i og i nærleiken av regnskogslokalitetar til å leggje føre var-prinsippet til grunn i si forvaltning av areal.

Vi veit at fabrikken kjem til å sleppe enorme mengder varmtvatn rett i sjøen. Vi veit at det er kome krav om alternativ bruk av spillvatn ved store utbyggingar, og vi veit at dette ikkje er gjort av FFI eller sett krav om utgreiing av kommunen. Vi veit at Nordgulen er ein terskelfjord og utsleppet av varme i slike fjordar vil akkumulerast.

Vi veit at kysttorsken treng låg temperatur i gyteperioden for å få gytesuksess og at torskeyngel treng ålegraseng og tareskog i sjøen for å vekse opp. Vi veit at kysttorsken er truga og at Senterpartiet har slått fast i partiprogrammet sitt at dei ikkje skal øydeleggje gyteområde. Vi veit og at KU sa at temperaturauken ikkje ville bli eit problem for torsken, sia han ville finne ein annan stad å gyte.

Vi veit der er tareskog,ålegraseng og blautbotn i Holmane, habitat som er viktige oppvekstvilkår for både hummar, kreps, kysttorsken og andre artar.

Vi veit at temperatureni fjorden dei siste 20-30 åra har auka. Vi veit at den samla belastninga av fjorden i Nordgulen nærma seg tolepunktet, med Elkem og Steinvik inst i fjorden, Bremanger Quarry lengre ute og no vedtak om ammoniakkfabrikk med store utslepp av varmtvatn på Holmaneset.

Vi veit at Statsforvaltarenhar gitt ei sterk fråråding mot å legge fabrikken på Holmaneset. Vi veit at på siste høyringssvaret skreiv Statsforvaltaren: «Vi meiner framleis alternativvurderinga er for dårleg.»

Vi veit at det er for lite arealrundt fabrikken til å kunne utnytte biprodukta frå ammoniakkproduksjon. Vi veit at med ei betre alternativvurdering kunne ein fått ein heilt annan lokasjon der utnytting av desse produkta kunne vore mogleg.

Vi veit at det er brukt mykje ressursartil å kartleggje og skrive fine rapportar om naturverdiane i Holmane. Vi veit at kommunen hadde mykje kunnskap til å kunne ta ei kunnskapsbasert vurdering når dei skulle vurdere Holmanes-saka etter naturmangfaldslova. Vi veit etter kommunestyremøtet torsdag 18. desember at kommunestyret ikkje tok ei kunnskapsbasert avgjerd fordi kommunedirektøren valde å legge fram ei vurdering gjort på skjønn.

Vi veit at så lenge Bremanger kommunetek snarvegar og ikkje følgjer lova, så vil folk reagere og protestere. Vi veit at det nok ein gong blir klage på vedtaket til kommunestyret, for det er nok av punkt å ta tak i.

Vi veit vi har lært mykje i denne saka, både om saksbehandling, kommune og forvaltning, ordførar, statsforvaltar, nettverk og FFI, og vi er overraska kor ekstremt mykje kunnskap som finst blant dei som har involvert seg i saka. Vi veit mykje, og det kjem til å kome fram endå meir kunnskap på nyåret. Men det vi ikkje veit, er om vedtaket vil stå seg ved ein ny runde om ein må sjå heilt objektivt på heile saka på nytt.Vi veit at det vil bli eit kunnskapsrikt og godt nytt år!

🏷️ Extracted Entities (32)

FFI (entity) Holmane (entity) Holmaneset (entity) Nordgulen (entity) Bremanger Quarry (person) Statsforvaltaren (entity) DSB (entity) KU (entity) N2O (entity) Tennøyane (entity) Vestland (place) Ålfoten (entity) Bygningslova (entity) CO2 (entity) Dyrstad-Langeneset (entity) Elkem (entity) Holmanes-saka (entity) Homaneset (entity) Kelo-gaddar (entity) Leirvikneset (entity) Mattilsynet (entity) Naturvernforbundet (entity) Nordsida (entity) Noreg (entity) Olavika (entity) Plan (entity) ROS-analysen (entity) Senterpartiet (entity) Smørhamn (entity) Steinvik (place) Storeholmen (entity) Tennøya (entity)