Herold

Åtte turstiprosjekt har fått pengar – sjekk din kommune

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Sigrid Nese Thue Published: 2026-01-02 15:54:03
Åtte turstiprosjekt har fått pengar – sjekk din kommune

Gry Thyrrestrup jobbar for at fleire skal få fine turstiar i Sogn og Fjordane.

No har DNT Sogn og Fjordane fått 3 millionar kroner til åtte turstiprosjekt, kjem det fram av ei pressemelding frå Sparebanken Sogn og Fjordane, som har delt ut pengane.

Sjå kven som har fått pengar nedst i saka.

Gry er prosjektleiar i DNT Sogn og Fjordane, som er prosjektleiar for «Eg gjekk ein tur på stien-prosjektet». Prosjektet, som vart oppretta i 2024, skal sikra eit attraktivt tilbod til befolkninga med omsyn til folkehelse, livskvalitet og bulyst med fokus på berekraft og friluftsliv for alle.

Nye skilt på plass: – For å visa dei fine turmoglegheitene me har i Sogndal

– Elskar toppturar

I ein alder av 20 år la Gry, som er frå Trørød nær København, sin elsk på Noreg.

– Då eg var 20 år reiste eg til Alta i Nord-Norge for å gå på folkehøgskule. På slutten av opphaldet mitt der fekk eg sjå serien «Oppdrag Sognefjorden». Då vart interessa mi for Sogn og Fjordane vekt, fortel ho i pressemeldinga.

Det er ingen tvil om at Gry trivst best i naturens landskap, og sjølv om ho er dansk er ho god til å gå på ski.

– Eg kjenner sjølvsagt til nordmenn sine haldningar til danskar på ski. Eg har prøvd å motbevisa dette, og har sidan eg kom til Sogndal for 15 år sidan farta mykje rundt på ski i fjella i Sogndalsdalen og Luster. Eg elskar toppturar, spesielt på ski, og har spesielt også dei siste åra funne glede ved lengre skiturar i høgfjellet.

Har gjort mykje forskjellig

Det var i 2011 Gry kom til Sogndal for å studera friluftsliv og vart verande i fem år. Sidan har ho gjort mykje forskjellig.

– Eg tok master i naturbasert friluftsliv på NMBU i Ås, før eg jobba nokre sesongar på Kalhovd Turisthytte på Hardangervidda. I 2020 kom eg tilbake til Sogndal og jobba i Stedje barnehage til eg fekk jobben i DNT Sogn og Fjordane i 2023.

Sidan har det vore arbeid med turlagsfolk.

– Det passar svært godt opp mot min bakgrunn, og eg likar utruleg godt å spela på dei dyktige turlagsfolka i dei 14 turlaga me har i Sogn og Fjordane.

I tillegg er Gry også tilsett i turlaga i Luster og Sogndal.

Desse prosjekta har fått pengar

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har gått inn med 20 millionar kroner til utvikling av turstiar i Sogn og Fjordane. Dette prosjektet varer ut 2027-sesongen.

Til den siste søknadsrunden var det totalt åtte søknadar, og det er delt ut 3 millionar kroner.

Desse har fått pengar:

Gry og Eivind vil få fleire ut på fjorden: – Folk søkjer seg meir til fjellet

🏷️ Extracted Entities (19)

Fjordane (entity) Gry Thyrrestrup (person) Sogndal (place) Sparebanken Sogn (person) DNT Sogn (organization) Luster (entity) Alta (entity) Eivind (entity) Hardangervidda (entity) Kalhovd Turisthytte (person) København (entity) NMBU (entity) Nord-Norge (entity) Noreg (entity) Oppdrag Sognefjorden (entity) Sogndalsdalen (entity) Stedje (entity) Trørød (entity) Å (place)